Om oss

Kyrkja i Samnanger er eit sokn som har same grenser som Samnanger kommune. Kyrkjekontoret ligg i Haga kyrkje.


Samnanger er ei bygd som grensar til Bergen, Vaksdal, Kvam, Fusa og Os. Samnangerfjorden munnar ut i Bjørnefjorden, tett ved "storebroren" Hardangerfjorden. Samnanger kommune / sokn har om lag 2400 innbyggjarar. Det er to kyrkjer i Samnanger: Samnanger kyrkje på Ådland og Haga kyrkje på Haga.

Det er gudsteneste i ei av kyrkjene dei fleste søndagane i året, om lag annankvar gong i kvar av kyrkjene. 

Kyrkjelyden har eit aktivt barne- og ungdomsarbeid med eigen ungdomsleiar og eigen leiar for trusopplæringsprosjekt for born. Tysdagane er ungdomane sin kveld i kyrkja på Haga, og onsdagane har "kompisane" frå 10 til 13 år sin ettermiddag der.

Samnanger kommune si heimeside her.



Kjøp Jubileumsboka frå 2001.
Til sals for kr.100,- på kyrkjekontoret.

Størst av alt
Innhald Planleggja Aktivitetar