Bryllaup

Ynskjer de å gje kvarandre dykkar ”JA” i ei av kyrkjene våre? Eller ynskjer de ei kyrkjeleg velsigning over eit ”ja” som alt har vorte gjeve ved borgarleg vigsel? Eller kanskje de berre vil ha ei enkel lita vigsle på kyrkjekontoret? Vel møtt er de i alle fall.

Meir


LITT PRAKTISK INFORMASJON

 

På førehand:

  • Dato for vigsle må avtalast med soknepresten i god tid.
  • Papir må ordnast med folkeregisteret der de bur, tidlegast 4 månader på førehand. Obs! Samnanger sitt folkeregister, ligg i Kvam!
  • Presten har vigselssamtale med paret og ”trening” i kyrkja på førehand.
  • Paret vel sjølv kvar dei vil at bryllaupet skal vera. Kyrkja på Ådland: Tradisjonell med lang midtgang og orgelbrus! Kyrkja på Haga: Meir intim, m. elektronsisk kyrkjeorgel/ piano. Høver godt for mindre bryllaup.Vigsler kan også gjerast på prestekontoret, om berre paret og forlovarane skal vera til stades.
  • Har de ein særskild prest de ynskjer å nytta, er det ok, men det må avtalast med soknepresten.
  •  Har de ynskje om særskild musikk, må dette også avtalast i god tid på førehand! Ta kontakt med organisten. (Sjå liste over tilsette.) De må gjerne sjølv ha med solistar/ musikarar, men dette må også avtalast med organisten. Dersom de ynskjer nytta songar som ikkje står i nokon av salmebøkene, må desse godkjennast av soknepresten.
  • Pynting av kyrkja til bryllaup, vert teke hand om av brurparet. Det er i alle fall fint med blomar på altaret. På Ådland er det to blomesøyler som kan nyttast til større oppsatsar. Det er blomepotter i to storleikar som kan nyttast på søylene og/eller på golvet. Me har også store golvvasar i glas og to store lykter for talglys, som kan brukast. Avtal med kyrkjetenaren opplåsing av kyrkja før pynting, og gje beskjed om kva de ynskjer å nytta av utstyr. (Noko av det er lagra på Haga, og noko på Ådland.)

 

For generell info. om kyrkjeleg vigsle på kirken.no, klikk her.

Der finn de mellom anna skjema de treng, liturgi for vigsle og ulike alternativ om de ynskjer setja dykkar preg på vigsla.

 

 

 

 

 

 

 




Kjøp Jubileumsboka frå 2001.
Til sals for kr.100,- på kyrkjekontoret.

Størst av alt
Innhald Planleggja Aktivitetar