Konfirmasjon

På konfirmasjonsdagen ber me for kvar einskild konfirmant i kyrkja. I konfirmasjonstida på førehand, lærer konfirmantane om kristen tru og om å leva. Tema som venskap, etikk/ moral, alkohol, mediasamfunnet, sex og mykje anna vert også tatt opp i konfirmanttida.

 

 

  

Kven kan verta konfirmert?

 

Det kan alle som går i 9. klasse, og som ønskjer å ta del i konfirmantførebuinga etter beste evne.  For å verta konfirmert må du dessutan vera døypt.  Er du ikkje det, vert det arrangert dåp før konfirmasjonen.  Det vanlege er å ha ei eiga tilstelling der berre fadrar og familie/ inviterte gjester er til stades. Men det er også høve til å ha dåp i konfirmasjonsgudstenesta om konfirmanten ynskjer det. Det er som regel ein eller to av konfirmantane som vert døypte kvart år til konfirmasjonsdagen.

 

Konfirmantane tek del i konfirmasjonsførebuing frå august/ september til mai.  Denne går føre seg på tysdagskveldane i kyrkja på Haga.  Her er song og musikk, temasamlingar med undervisning og samtale, og ulike aktivitetar.  Etter samlingane er ungdomscafèen open. 

  Ein gong i månaden er det "Kro" i kyrkja. Desse er obligatoriske for konfirmantane, men også opne for alle andre som vil vera med. Her er det mykje lovsong, bønevandring, andakt og café etterpå. 

Konfirmanttida har innlagt ein ”obligatorisk” helgetur til ”Wallemtunet” på Kvamskogen om hausten, og tilbod om andre frivillige turar saman med eldre ungdomar i kyrkjelyden seinare i konfirmanttida.  Konfirmasjonsførebuinga følgjer skuleåret.

Gudstenester er også ein del av konfirmantførebuinga, og i løpet av året skal konfirmantane ta del i om lag 8 ulike gudstenester.  Nokre er dei med på å forma sjølve.  Samtalegudstenesta er den siste av dei, og her får dei sjølve fortelja noko frå tida som konfirmant.

 

I Samnanger har me tradisjon for å ha konfirmasjon 1. sundagen i mai.  (Unntak:  Når denne sundagen fell på 1. mai, er det konfirmasjon 8. mai.)  Det er to gudstenester på konfirmasjonsdagen, klokka 10.00 og klokka 12.00.  Mellom gudstenestene vert det teke bilete av heile konfirmantkullet saman.

 

 

For påmeldingsark til konfirmasjonen 2017, klikk her.

For meir informasjon om konfirmasjonen 2017, klikk her.


Meir informasjon på kyrkja.no: 

Om konfirmasjon, klikk her

Spørsmål og svar om trua og livet, klikk her




Kjøp Jubileumsboka frå 2001.
Til sals for kr.100,- på kyrkjekontoret.

Størst av alt
Innhald Planleggja Aktivitetar