Dåp

Dåpen er eit sakrament- innstifta av Jesus (Matt.28,18-20) Dåpen er fest og glede over eit nytt menneske! (Stort eller lite...) I dåpen vert du omslutta av Jesu kjærleik og får teikna krossmerke over deg. Du vert også del av det store kyrkjefellesskapet, og medlem i den lokale kyrkjelyden. Velkomen til dåp!

 

 

 

  • Kyrkjekontoret sender ut brev med informasjon om dåp til alle foreldre til nyfødde i Samnanger, der minst ein av foreldra er medlem av Den norske kyrkja. Dette gjer me så snart me har fått melding frå folkeregisteret om barnet. Det vert også sendt eit skjema for påmelding til dåp. Det hender av og til at me ikkje får melding om den nyfødde, så då må de sjølv ta kontakt med kyrkjekontoret.
  • Bur de utanfor Samnanger og ynskjer dåp her, må de gjera avtale med kyrkjekontoret. Dåpspapir og dåpssamtale skal ordnast der de bur.
  • Det må vera minst to fadrar. Fadrane bør vera medlem av Den norske kyrkja, eller eit anna kristent trussamfunn som ikkje er mot barnedåp. Fadrane skal vera vitne til at barnet er døypt, og fadderansvaret dreiar seg om å visa omsorg for barnet og hjelpa til med trusopplæringa.
  • Det er sett opp gudstenester med dåp ca. ein gong i månaden. Denne søndagen er det ofte familiegudsteneste, som er betre tilpassa born og litt kortare enn andre gudstenester. For datoar: sjå under.
  • For nokon er det vanskeleg å få dåpsdagen til å passa med oppsette dåpsgudstenester. Dei må då ta kontakt med soknepresten for å gjera avtale om dåp i ei anna gudsteneste.
  • Foreldra og dei av fadrane som har høve til det, møter i kyrkja på Haga til dåpsførebuing. Her får de informasjon både om sjølve dåpen og om trusopplæring i Samnanger. Skjema for påmelding skal leverast på denne samlinga. For datoar: Sjå under.

 

 Dåp av ungdom eller vaksne
Dåp skjer til vanleg i gudstenesta. Er det ungdom eller vaksne som ynskjer dåp, er det høve til å laga eit eige arrangement der berre innbedne gjestar er til stades. Dette må avtalast med soknepresten.

 

Dåpssøndagar 2017:

Gudsteneste på Ådland:
8.jan. - 22.jan. (Tårnagent) - 5.feb. - 2.april - 16.april (påskedag) - 15.mai - 4.juni - 2.juli - 30.juli - 13.aug. - 10.sept. (50-årskonf.) - 29.okt. - 25.des.

Gudsteneste på Haga:
15.jan. - 26.feb. - 9.april (palmesøndag) - 30.april (Barnas misjonsdag) - 21.mai (kl.18.00) - 16.juli - 20.aug. - 1.okt. (Søndagsskulens dag) - 19.nov. (Lys vaken) - 3.des.


Alle gudstenestene er kl.11.00 om føremiddagen, om det ikkje står noko anna.

Sjå elles omtale av kvar enkelt gudsteneste under "aktivitetar".

 

Datoar for dåpsførebuing 2017: 

 

Samlingane er i Haga kyrkje kl. 18.00.

 

For meir generell informasjon om dåp, gå inn på kyrkja.no, klikk her

  




Kjøp Jubileumsboka frå 2001.
Til sals for kr.100,- på kyrkjekontoret.

Størst av alt
Innhald Planleggja Aktivitetar