Trusopplæring

02.03.10

"Du ser det ikkje før du trur det!" er tittelen på trusopplæringsprosjektet me har arbeidd med i Samnanger kyrkjelyd.


Ivrige Kompisar viser kva dei har lært etter vandring gjennom Bibelen.
Frå Kompisleir med Kompisgudsteneste våren 2008.


"Du ser det ikkje før du trur det!"

Visjon:
Kyrkjelyden vil vera med å gjera Samnanger til den beste staden å veksa opp i Noreg ved å tilby fellesskap, livshjelp og trushjelp til barn og unge!

Mål:
Å formidla tru, haldningar og omsorg mellom dei unge og inn i kvardagen deira. Me vil at dei skal bli kjent med Jesus og med i eit fellesskap

Dette var utgangspunktet for Samnanger kyrkjelyd sitt trusopplæringsprosjekt og gir framleis retning for trusopplæringsarbeidt i kyrkjelyden. Kyrkjelyden sitt prosjekt vart valt ut og tildelt midlar i 2007.

I prosjektperioden frå 2007 til 2009 vart det arbeidd med trusopplæring for aldersgruppa 10-18 år.
Sjølve prosjektperioden er avslutta og me arbeider no med trusopplæringstiltak for alle frå 0-18 år.

Meir om trusopplæringsprosjektet vårt kan du lesa her.


Motta våre nyhende på e-post


Siste nyhende
18.06.15  Ny sokneprest



Kjøp Jubileumsboka frå 2001.
Til sals for kr.100,- på kyrkjekontoret.

Størst av alt
Innhald Planleggja Aktivitetar