Kyrkjegard

I Samnanger har me ein kyrkjegard som ligg ved kyrkja på Ådland. Den gamle delen av kyrkjegarden ligg rundt sjølve kyrkja. I 1999 vart eitt nytt kyrkjegardsfelt vigsla, ca 300m. sørvest for kyrkja. Kyrkjekontoret i Samnanger har utarbeidd ein brosjyre der reglar og lover for kyrkjegarden står. ”Kyrkjekontoret i Samnanger informerer om gravferd og kyrkjegard”. Den kan du finna på lekkja under.

Kyrkjegarden ved kyrkja på Ådland.

Nokre hovudpunkt som gjeld kyrkjegarden:

 

  • Alle som bur i kommunen har rett til fri gravplass i bygda. Det gjeld og om den avlidne på grunn av sjukdom eller alderdom budde i ein annan kommune då han døydde. Dei som ikkje høyrer til i gruppa ovanfor, kan også få gravplass i Samnanger om det er ynskje om det, men må då betala dei takstane som er fastsette av kyrkjestyret/ kommunestyret. (Prisar for 2013 er 5700 for kistegrav, 4500 for barnegrav og 1300 for urnegrav)
  • Gravsteinane er dei pårørande sin eigedom, og alt vedlikehald / kostnader med vedlikehald av desse som oppretting, reingjering ol. må dei pårørande ta seg av.  Om steinen på nokon måte skulle vera fårleg (t.d. ved fare for velting,) kan kyrkjegardsarbeidaren leggja han ned. Pårørande vil då få brev om saka, der det vert fortald kva som må gjerast og kva det evt. kostar å få andre til å gjera det. For lover og reglar om gravminne, sjå brosjyre 2, side 4 §20-26
  • Stell av grava. Mest vanleg er å ha blomar i plantefelt framfor gravsteinen. Har dei pårørande problem med å stella grava, kan det betalast inn eit legat til kyrkjekontoret, som vil syta for at grava vert stelt. (Pris 2013: 1 250 pr år) Elles går det an å planta meir ”permanente” plantar, som lyng eller små buskar som treng mindre stell. Desse må ikkje vera for store, sjå s.2 §5. Det går også an å så til grava med gras.
  • Ei grav er freda i 25 år, og treng ikkje betalast for i denne perioden. Etter fredingsperioden, er det høve til å festa grava for periodar på 5år (eller meir), fram til ho er seksti år gamal. Er det ei dobbel grav, kan begge gravene festast til den yngste grava er seksti år gamal. I 2013 kostar det 180 kr året å festa ei grav i vaksen storleik. Festaren syter for at grava vert stelt, og kan bestemma kven som evt. skal nytta grava om att. Festaren er også den som får informasjon frå kyrkjekontoret, td. brev med spørsmål om vidare festing, når ein feste-periode er i ferd med å gå ut.

 


Den nye kyrkjegarden.


Brosjyren ”Kyrkjekontoret i Samnanger informerer om gravferd og kyrkjegard” kan du sjå her: Kyrkjegardsbrosjyre.pdf




Kjøp Jubileumsboka frå 2001.
Til sals for kr.100,- på kyrkjekontoret.

Størst av alt
Innhald Planleggja Aktivitetar