Gravferd

Kyrkjekontoret i Samnanger har utarbeidd ein brosjyre som gjeld dødsfall og gravferd: ”Rettleiing i samband med gravferd”. Den kan du finna lekkje til under.


Nokre hovudpunkt :

 

  • Ved eit dødsfall, ta kontakt med soknepresten så snart som råd. Han vil kunna rettleia og hjelpa. Lækjar skal stadfesta dødsfallet, og lensmannen skal ha melding om det. Eit gravferdsbyrå vil kunna ta seg av mykje av det praktiske, men det går og an å gjera ein god del sjølv. Sjå brosjyren.
  • Gravferda. Kyrkja har ein eigen gravferdsliturgi som skal følgjast, men denne har rom for ulike alternativ ved td. val av Bibeltekstar som dei pårørande sjølv kan vera med og velja. Det er høve for pårørande å lesa desse tekstane i gravferda. Dei avgjer og kva songar som skal syngjast og musikk som skal spelast, men; Om ein ynskjer å nytta songar som ikkje står i salmebøkene, skal dei godkjennast av soknepresten. 
  • Alle som bur i kommunen har rett til fri gravplass i bygda. Det gjeld og om den avlidne på grunn av sjukdom eller alderdom budde i ein annan kommune då han døydde. Dei som ikkje høyrer til i gruppa ovanfor, kan også få gravplass i Samnanger om det er ynskje om det, men må då betala dei takstane som er fastsette av kyrkjestyret/ kommunestyret. (Prisar for 2009 er 5000 for kistegrav, 4000 for barnegrav og 1100 for urnegrav)

Gravferdsbrosjyren kan du finna her: gravferdsbrosjyre.pdf

Når det gjeld reglar og føreskrifter for kyrkjegarden: Sjå under "kyrkjegard" på startsida.


Du kan og finna meir informasjon på kyrkja.no, klikk her.

 

 




Kjøp Jubileumsboka frå 2001.
Til sals for kr.100,- på kyrkjekontoret.

Størst av alt
Innhald Planleggja Aktivitetar