Born og gudsteneste

Ein søndag i månaden er det familiegudsteneste i kyrkja på Ådland. Kvar søndag det er føremiddagsgudsteneste i kyrkja på Haga er det også søndagsskule i kjellaren, i ungdomslokalet.

Familiegudsteneste i kyrkja på Ådland
Til vanleg er det familiegudsteneste i kyrkja på Ådland ein gong i månaden.

Denne gudstenesta har sin eigen liturgi med mellom anna bønevandring og lystenning.





Søndagsskulen i Haga kyrkje:

Det er søndagsskule i Haga kyrkje kvar gong det er føremiddagsgudsteneste.

Det er ikkje søndagsskule i skuleferiane og når det er ungdomsgudsteneste.
Sjå avertering av gudstenestene. 

På søndagsskulen er det song, ei bibelforteljing, teikning og andre aktivitetar.



Kvar haust er det søndagsskulens dag med utdeling av 4-årsbok til alle døypte 4-åringar.


Misjonsforsamlinga har òg søndagsskule i bedehuset på Nesodden nokre søndagar.
Sjå: www.fordeg.org for datoar.
 




Kjøp Jubileumsboka frå 2001.
Til sals for kr.100,- på kyrkjekontoret.

Størst av alt
Innhald Planleggja Aktivitetar