Diakoni - kva er det?

"Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Det er evangeliet i handling og vert uttrykt gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kamp for rettferd". Dette seier kyrkjemøtet i sin plan for diakoni frå 2007.

Diakoni skal gjennomsyra alt som skjer i kyrkjeleg samanhang. I tillegg skal det vera særskilde diakonale tiltak.

I Samnanger har me ei diakoninemnd, som særleg arbeider med diakoni i kyrkjelyden. Solvor Aadland leiar denne nemnda frå hausten 2015.  

Plan for diakoni i Samnanger kyrkjelyd vart vedteken april 2013, den kan du lesa her

I tillegg til forbønsteneste og besøksteneste, har nemnda dei siste åra ma. drive matklubb for invandrarkvinner, "bli kjend i kyrkja" -arrangement for funksjonshemma, minnesamling på helgemesse og jubileum for 50-årskonfirmantar.




Kjøp Jubileumsboka frå 2001.
Til sals for kr.100,- på kyrkjekontoret.

Størst av alt
Innhald Planleggja Aktivitetar