Sokneråd og kyrkjestyre

I kommunar med fleire sokn, har kvar sokn sitt sokneråd. Så har kvar kommune eit fellesråd med representantar frå alle sokna og ein som er vald av kommunestyret. I Samnanger har me berre eit sokn, difor er vårt "fellesråd" soknerådet med ein kommunal representant i tillegg. Me kallar det kyrkjestyre.

Soknerådet sine oppgåver:

  • Skal "vekkja og næra det kristelege livet i soknet" i følgje kyrkjelova §9
  • Ansvar for strategisk utvikling i kyrkjelyden.
  • Vedtek mål og planar for soknet t.d. trusopplæringsplan, diakoniplan og plan for kyrkjemusikk
  • Organiserer aktivitetar
  • Vedtek lokal grunnordning for gudstenestelivet
  • Vedtek føremål for kyrkjeofringar
  • Forvaltar innsamla midlar til lokalt arbeid
  • Ansvar for bruk av kyrkjene.
  • Førebur saker for kyrkjelydsmøtet

Kyrkjestyret sine oppgåver:

  • Ivaretek soknet sine interesser i høve til kommunen
  • Bygging, drift og vedlikehald av kyrkjer, og gravplassar (Gravplassen  vert i Samnanger drifta av kommunen.)
  • Er arbeidsgjevar for dei som er tilsette i kyrkja
  • Forvaltar statlege og kommunale tilskot. Styrer planprosessar
  •  Skaffar og driv kyrkjekontor.



Kjøp Jubileumsboka frå 2001.
Til sals for kr.100,- på kyrkjekontoret.

Størst av alt
Innhald Planleggja Aktivitetar