Ny sokneprest

18.06.15

Den 6.september vert David Vogel innsett som ny sokneprest i Samnanger.

Han er opprinneleg frå delstaten Sachsen i Aust-Tyskland, og har utdanninga si derfrå, men har teke praktisk teologi ved misjonshøgskulen i Stavanger, og sjølvsagt eit par norskkurs i tillegg! Han snakkar godt norsk og har jobba i Den norske kyrkja i Nidaros bispedøme sidan 2006. Han er 39 år gamal, har ektefelle frå Sogn og Fjordane og har to små born i barnehagealder. Familien kjem til å bu i prestebustaden på Haga.

6. september vert han innsett i tenesta si her i Samnanger. Då vert det gudsteneste på Ådland kl. 11. der også prosten vert med. Etterpå vert det kyrkjekaffi på Haga.


Motta våre nyhende på e-post


Siste nyhende
18.06.15  Ny sokneprest



Kjøp Jubileumsboka frå 2001.
Til sals for kr.100,- på kyrkjekontoret.

Størst av alt
Innhald Planleggja Aktivitetar