Kyrkjelydshelg på Wallemtunet

Bli med og stå på ski og leik i snøen, høyr Guds ord og kos deg saman med andre frå kyrkjelyden! Helga 10-12.februar.

Kom og bli med på ei kjempekjekk helg for store og små oppe på Wallemtunet!

Det vert tid til masse vinteraktivitear, så ta med ski og akebrett og godt humør! :-)

Program for helga vert nokonlunde slik:

Fredag: Dei som vil, kan kome opp fredag kveld frå kl.18.00. Denne dagen vert det ikkje noko program, men berre litt spel, prat og kos.


Laurdag:
Om føremiddagen kan dei som kom om fredagen få ekstra tid ute eller vere med på baking inne.

Ellers er det innkvartering laurdag den 11.februar kl.12.00 og felles lunsj for alle kl.13.00, der me smører niste.

Me held fram med uteaktivitetar frå kl.14.

Kl. 16 er det temasamling for dei vaksne v/ David Vogel og barnesamling for borna.

Ca. Kl.18.30 er det taco-middag, og etterpå vert det Kro med song og visning av bilete/film frå Zambia.


Søndag:
Kl.8.30 er det frukost m/ nistesmøring.

Kl.10 er det gudstenesteverkstad, der me lagar gudsteneste saman.

Kl.12 er det tur og kl.14 vert det god middag med dessert.

Kl.16 er det gudsteneste/ storsamling med drama og bønevandring.


Dette vert kjekt og endå kjekkare om me vert mange! Så meld deg på! :-)

Påmelding til: post@samnanger.kyrkja.no

 

 




Kjøp Jubileumsboka frå 2001.
Til sals for kr.100,- på kyrkjekontoret.

Størst av alt
Innhald Planleggja Aktivitetar