Korprosjekt med Angela Primm og Elsa Harris!

Desse to damene er verkeleg proffe innan gospelverda! Konsert i Haga kyrkje 15.mars kl.19.30.

Angela og Elsa hadde sin første noregs-turne våren 2014, og song saman med mange norske kor, til stor begeistring overalt! Angela Primm har ei stemme som kan samanliknast med sjølvaste Mahalia Jackson, og ho har m.a. sunge inn eit eige «tribute-album» med songane til Jackson. Det seier ikkje så lite… 
Elsa Harris var Jessy Dixon sin faste pianist gjennom mange år og har vore med på korprosjekt i Samnanger før. Begge har røter i den tradisjonelle gospelsongen som me i Noreg elskar å lytte til.

 

Me har stor tru på dette prosjektet og vonar at nettopp DU vert med! Det vert garantert ei mektig oppleving, så vel for korsongarar som publikum. Gå ikkje glipp av denne eineståande sjansen til å syngja gospel som verkeleg «swingar»!

 

Korsongarane får utdelt notar og øvings-CD på første øving.

 

ØVINGSPLAN i Haga kyrkje:

 

Onsdag 8. februar 19.00 – 21.30 (kor)

Onsdag 15. februar 19.00 – 21.30 (kor)

Onsdag 22. februar 19.00 – 21.30 (kor)

-VINTERFERIE NB! -

Onsdag 8. mars 19.00 – 21.30 (kor)

Onsdag 15. mars: 17.00 – 19.00 Oppvarming/gjennomkj. m/solist & pianist

19.30: Framføring i Haga kyrkje

 

Kan du ikkje vere med å syngja, er du hjarteleg velkomen til å koma på konserten!


Vel møtt!  




Kjøp Jubileumsboka frå 2001.
Til sals for kr.100,- på kyrkjekontoret.

Størst av alt
Innhald Planleggja Aktivitetar