Meny
Framside
LINKAR
Kirkens SOS
Tripp Trapp Klubben
Bjørgvin bispedøme
Kyrkja.no
KALENDER
24 September
17:00 Gudstjeneste i Haga Kyrkje
01 Oktober
11:00 Gudstjeneste, Haga Kyrkje
08 Oktober
18:00 Gudstjeneste, Ådland Kyrkje
22 Oktober
11:00 Gudstjeneste i Haga Kyrkje
29 Oktober
11:00 Gudstjeneste, Haga Kyrkje
05 November
18:00 Gudstjeneste, Ådland Kyrkje
19 November
11:00 Gudstjeneste, Ådland Kyrkje
26 November
11:00 Gudstjeneste, Haga Kyrkje
28 November
18:00 Ungdomsgudstjeneste, Haga Kyrkje
03 Desember
11:00 Gudstjeneste, Ådland Kyrkje

Aktiviteter
 

Kyrkjetenar stillingslysing

Kyrkjetenar

DNK - Samnanger sokn – 60% stilling som kyrkjetenar frå 1.aug. 2017 
Stillinga kan kombinerast med 15% stilling som medhjelpar på kyrkjegarden. (Stilling hjå Samnanger kommune, teknisk eining, driftsavdelinga.)

OM OSS

Samnanger er ein liten kommune mellom Bergen og Hardanger, ca. ein halv time frå Bergen sentrum om du tek tog til Arna, eller 45 min med bil.
 
Me har to kyrkjer, ei på Ådland frå 1851 og ei på Haga frå 1995. På Ådland har me gudstenester, bryllaup, gravferder og konsertar. På Haga har me gudstenester og der held også resten av kyrkjelydsarbeidet hus: Barne- og ungdoms-arbeid, diakoni-arbeid, konsertar og samlingar av ulike slag. Der held også kyrkjekontora til. Kyrkjestaben elles er: Prest, kantor, kyrkjeverje, tre trusopplæringsmedarbeidarar og sekretær. Dei fleste i deltidsstillingar. 

Kyrkjetenaren vil få ansvar for reinhald og tilsyn med begge kyrkjene, men må ikkje vera til stades på alle tilstellingane. (Ca. to helger i månaden.)

 
ARBEIDSOPPGÅVER

• Syta for at kyrkjene og kyrkjegardsbygga er reine, ryddige og i stand. 
• Leggja praktisk til rette for, og vera til stades på tilstellingar i kyrkjene. 
• Føra tilsyn med bygningane og uteområda som høyrer til. (Ikkje kyrkjegarden)
• Vaktmeistar-oppgåver. 

Sjå nærare stillingsomtale her.

Stillinga som medhjelpar på kyrkjegarden, gjeld i hovudsak hjelp ved graving av graver og vikararbeid (m.a. slåing av gras) om sommaren. Kontakt Endre Kulleseid for meir info. 47 46 85 96


KVALIFIKASJONAR

• Praktisk sans og gjerne praksis som handverkar eller reinhaldar. 
• Må vera medlem i DNK.
• Bør disponera bil.


PERSONLEGE EIGENSKAPAR

• Praktisk og nevenyttig.
• Evne til sjølvstendig arbeid.
• Evne til å organisera og få ting gjort.
• Gode samarbeidsevner.
• Gode sosiale evner.


ME TILBYR

• Triveleg arbeidsmiljø.
• Varierte arbeidsoppgåver.
• Løn etter avtale i kyrkjeleg sektor. (KA sitt tariffområde)
Kyrkjetenar lønsgruppe 1 (Garantilønn 2017: 286 500 – 389 200) eller Fagarbeidar lønsgruppe 2 (Garantilønn 2017: 331 300 - 399.200) alt etter kvalifikasjonar og ansiennitet. 
• Pensjonsordning i KLP


INFORMASJON

Søknadsfrist 19. mai. 2017
For spørsmål kontakt kyrkjeverje Britt Haukanes:  
Tlf: 56 58 90 15 eller 40 04 92 41. 
Send søknad med CV og minst to referansar til: 
post@samnanger.kyrkja.no eller
Kyrkjekontoret, Hagabakkane 1, 5650 Tysse.


  
Av: Britt Haukanes   Publisert: 04.05.2017
 

Se tidligere utgaver »
Kontaktinfo

DEN NORSKE KYRKJA
Samnanger kyrkjelyd
Hagabakkane 1
5650 TYSSE

Tlf: 56 58 90 10
E-post: post@samnanger.kyrkja.no  


http://samnanger.kirkene.net/img/31_08_2015_Kyrkjer/Samnanger_kyrkje_02_09_2015.png
Kyrkjekontoret ligg i kyrkja på Haga og har til vanleg opningstid 
mandag-fredag frå kl 10.00 - 14.00.
 

Den Norske Kyrkja
Søk i kirken.no:
  
Linkar
Størst av alt
Kundepålogging

Brukarnamn:

Passord:

Copyright © 2015 Samnanger Sokn. Powered by KWeb fra kirkedata.no