Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under
Les tilgjengelighetserklæringenNyheter
Nordviksæterstemne
ved nordenden av Fitjavatnet 6.juni. Gudsteneste kl.12.00.
Sæterstemna er eit treff mellom samningar og vaksdalingar som har halde på i over 100 år. Ein møtes på stølen på Nordvikseter, i nordenden av Fitjavatnet, og held gudsteneste i lag, syng, pratar, grillar og kosar oss i lag, før ein ruslar ned igjen kvar til sitt.
I år held Vaksdal sin prest Frode Kvamsøe andakt.
Me prøvar oss på litt grilling i år også, så ta med grillmat eller ein god matpakke du kan kose deg med!
For dei som vil gå opp saman med andre, vert det felles avgang frå vannverket i Myra kl.10.00.
Vel møtt til ein koseleg dag på fjellet i Guds frie natur!
PS:
Husk at det fortsatt er korona-tiltak, så hald 1 meters avstand frå andre! Dei som vil grille, må ta med si eiga grill-klype til å ta grillmaten med, slik at ein ikkje rører unødig andre sine ting.
Publisert av: Bente Dyrøy Bødker den 31-05-2021 |