Meny
Framside
LINKAR
Kirkens SOS
Tripp Trapp Klubben
Bjørgvin bispedøme
Kyrkja.no
Aktivitetar
Kontaktinfo

DEN NORSKE KYRKJA
Samnanger kyrkjelyd
Hagabakkane 1
5650 TYSSE

Tlf: 56 58 90 10
E-post: post@samnanger.kyrkja.no  


http://samnanger.kirkene.net/img/31_08_2015_Kyrkjer/Samnanger_kyrkje_02_09_2015.png
Kyrkjekontoret ligg i kyrkja på Haga og har til vanleg opningstid 
mandag-fredag frå kl 10.00 - 14.00.
 

 

Biskopen kjem!

I slutten på november kjem biskopen på vitjing til Samnanger, han kjem på «visitas». Og dette er på ingen måte ei lettvint visitt. Når biskopen kjem på visitas er det ein del av jobben hans med å ha tilsyn med kyrkjelydane i bispedømet han har ansvar for. Det er ei lang liste over ting han ynskjer å ta del i på visitasen og kva innhald programmet skal ha.

Først kjem prosten innom på ein «kontorvisitas». Han skal sjå etter at kontorhaldet er i orden, kika i protokollar (og datalister) og sjå til at kontortilhøva er tilfredstillande.

Tysdag 28. november kjem så biskopen saman med prosten og ein frå bispedømekontoret. I tre dagar skal dei reisa rundt i bygda og snakka med folk og ta del i ulike tilskipingar.

Frå programmet:

Tysdag 28.
9.00 Møte med tilsette
11.30 Vitjing på føremiddagstreffet i bedehuset
13.30 Møte med kommunen i biblioteket
18.00 Ungdomsgudsteneste på Haga
         Kveldsmat etterpå

Onsdag 29.
9.00   Julevandring med 1. klasse på Ådland
10.00 Vitjing på Antons kulturhistoriske, Frøland
11.30 Andakt på Samnangerheimen
12.45 Middag og samling saman med Kompis, Haga
16.30 Møte med det frivillige kristne arbeidet i soknet, Sætervika
19.00 Møte med kyrkjestyre og tilsette

Torsdag 30.
9.30   Spørjetime på ungdomsskulen
10.15 Møte med rektorar, inspektørar og lærarar
12.00 Møte med prestane i prostiet

Søndag 3. desember
vert det «visitasgudsteneste» der både biskopen og prosten tek del. I etterkant vil biskopen halda eit visitasforedrag som i fylgje bispekontoret "oppsummerer" inntrykk som visitasen har gjeve når det gjeld
kyrkjelyden sitt åndelege liv og arbeid, og gjev synspunkt på arbeidet vidare.» Etterpå vert det kyrkjekaffi med festkaker i kyrkja på Haga.

Me håpar at mange vil ta del i dei to gudstenestene som vert under visitasen. Ungdomsgudstenesta er ei gudsteneste med vanleg Haga-liturgi, som er open for alle. Det vert band og lovsongsteam som det brukar å vera i Haga-kyrkja. Ungdomar vil ta del og dei som gjer frivillige arbeid i kyrkjelyden vil verta særskild inviterte til både gudstenesta og kveldsmaten etterpå.

Visitasgudstenesta er meir fest og høgtid, med blåsarar på galleriet og orgelbrus! Me håpar på fullt hus både på den og på kyrkjekaffi-festen etterpå!

  
Av: Bente Dyrøy Bødker   Publisert: 15.11.2017
 

Sjå tidlegare utgåver »
KALENDER
24 Desember
14:00 Gudstjeneste i Ådland Kyrkje
15:30 Gudstjeneste i Haga Kyrkje
25 Desember
12:00 Gudstjeneste i Ådland Kyrkje
01 Januar
17:00 Gudstjeneste i Haga Kyrkje
07 Januar
11:00 Gudstjeneste, Ådland kyrkje
14 Januar
11:00 Gudstjeneste, Haga kyrkje
21 Januar
11:00 Gudstjeneste, Ådland kyrkje
04 Februar
11:00 Gudstjeneste, Ådland kyrkje
11 Februar
11:00 Gudstjeneste, Haga kyrkje
18 Februar
12:00 Gudstjeneste, Wallemtunet

Den Norske Kyrkja
Søk i kirken.no:
  
Linkar
Størst av alt
Kundepålogging

Brukarnamn:

Passord:

Copyright © 2015 Samnanger Sokn. Powered by KWeb fra kirkedata.no