Samnanger Sokn
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

Nyheter

Kyrkjelydshelg på Wallemtunet 3.-5. februar!

Kom og bli med på ei kjempekjekk helg saman med andre frå kyrkjelyden!

VERT DU MED?



Leir for heile familien!

Den 3.-5. februar vert det kyrkjelydshelg på Wallemtunet oppe på Kvamskogen.

Her vert det leik og moro både ute og inne og sosialt samvær med andre frå kyrkjelyden. Det vert høve til å ta seg ein tur på ski eller berre leika i snøen, og det vert sjølvsagt god mat, kro, samling for borna, gudstenesteverkstad og mykje meir.

Det går også an å overnatta heime, for dei som likar det best.

Prisar: Vaksne : 700kr Ungd: 600kr Born 4-12 år: 350kr Familiebillett: 1750kr
Dei som vil overnatta heime, kan det. Prisar: 500 / 400 / 200 / 1200.

Du kan sjå programmet ved å trykka HER.

Ta med deg nokon og kom - alle er velkomne!

Påmelding innan 25.januar til
post@samnangersokn.no eller tlf: 56589010 / SMS: 477 97 165.

Jo fleire me vert, jo kjekkare vert det!

Alle som vil er velkomen! :-)

 

Publisert av: Bente Dyrøy Bødker den 17-01-2023
KALENDER

søndag 21 april
Ådland kyrkje
tirsdag 23 april
Haga kyrkje
søndag 28 april
Haga kyrkje
lørdag 4 mai
Ådland kyrkje
søndag 5 mai
Ådland kyrkje
søndag 12 mai
Ådland kyrkje
19:00 Lovsong
Haga kyrkje
søndag 19 mai
Ådland kyrkje
onsdag 29 mai
Ådland kyrkje
søndag 2 juni
Haga kyrkje

Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no: