Samnanger Sokn
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

Nyheter

Konsert med Sigrid Moldestad

Søndag 3.juni kl.19.30 i Ådland kyrkje.

http://samnanger.kirkene.net/img/04_09_2015_Nyheit/Sigrid_Moldestad.jpg




















Storslagen konsert søndag 3.juni kl.19.30 i Ådland kyrkje.

I kulturveka kjem Sigrid Moldestad og held konsert i kyrkja på Ådland. Ho er ein artist med sterkt forteljarhjarta og evne til å røra tilhøyrarar med vakker melankoli og leiken kraft. I september gav ho ut albumet «Vere her», og fekk strålande platemeldingar landet rundt. «Musikk for både hjerte og hjerne. Med sin særegne stemme og evne til å sprenge musikalske grenser, er Sigrid Moldestad en gave til musikken. Nå er det på tide at denne artisten blir allemannseie», sa Aftenposten. «Kvalitetstungt band som briljerer i all sin måteholdenhet» sa BT.  Frå dei som kastar terningar har ho fått femmarar både frå NRK P1, Bergensavisen, Aftenposten, Dagsavisen  m fl. 

Moldestad har sin bakgrunn i felespelet og folkemusikken. Spesielt har ho fordjupa seg i tradisjonen frå heimområdet sitt, Breim i Nordfjord. Med denne arven som inspirasjon og rot, har ho utvikla sitt eige musikalske uttrykk i grenselandet mellom tradisjonar og nyskaping, folkemusikk, pop og visesong. I 2017 feira Sigrid ti år som soloartist. Ho har gjeve ut fem soloalbum på desse åra. Førre album, «Brevet til kjærleiken» , var basert på tekstar av Jan-Magnus Bruheim og vart m.a. kåra til «Årets album» av «Norsk på norsk» på NRK P1. 

Gå gjerne på Spotify eller YouTube for smakebitar. Me håpar på fullt hus i kyrkja 3. juni! Billettar er alt lagt ut for sal. Link: http://ticketco.events/no. Kontantsal og Vipps ved inngangsdøra. (Kr. 250,- pr. pers.)

Vel møtt!

Publisert av: Bente Dyrøy Bødker den 26-04-2018
KALENDER

søndag 28 april
Haga kyrkje
lørdag 4 mai
Ådland kyrkje
søndag 5 mai
Ådland kyrkje
søndag 12 mai
Ådland kyrkje
19:00 Lovsong
Haga kyrkje
søndag 19 mai
Ådland kyrkje
onsdag 29 mai
Ådland kyrkje
søndag 2 juni
Haga kyrkje
søndag 9 juni
Nordviksætra
søndag 16 juni
19:00 Lovsong
Haga kyrkje

Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no: