Samnanger Sokn
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

Nyheter

Aktuelt med barnedåp?

Til dykk som nett har fått eit lite barn – ta kontakt med kyrkjekontoret om de ynskjer at barnet skal døypast i ei av kyrkjene våre.

Tidlegare fekk kyrkjekontoret informasjon frå sjukehuset når ein av kyrkjemedlemene våre hadde fått eit barn. Etter at det tok slutt, har me kunna finna desse borna som «tilhøyrande» i kyrkjeregisteret vårt. No er det også slutt på at dei kjem inn der. Me kan difor ikkje få sendt ut informasjon om dåp før foreldra sjølv tek kontakt.

Her inne på heimesida kan du lese om dåp og sjå på aktuelle dåpssøndagar. Du finn dåpen under «kyrkjelege handlingar» i stikkordslina under bildestripa på toppen av sida.

Informasjonsbrev om dåpen og trusopplæringa kan du laste ned her: Informasjon om dåpen.

For påmelding til dåp, trykk på linken her: http://minkirkeside.no/samnanger.    
Dette skjemaet vert sendt direkte til prest David Vogel.

Velkomne med borna til dåp!


https://samnanger.kyrkja.no/img/31_08_2015_Kyrkjelege handlinger/Dap_Samnanger.jpg

Publisert av: Bente Dyrøy Bødker den 06-04-2021
KALENDER

søndag 21 april
Ådland kyrkje
tirsdag 23 april
Haga kyrkje
søndag 28 april
Haga kyrkje
lørdag 4 mai
Ådland kyrkje
søndag 5 mai
Ådland kyrkje
søndag 12 mai
Ådland kyrkje
19:00 Lovsong
Haga kyrkje
søndag 19 mai
Ådland kyrkje
onsdag 29 mai
Ådland kyrkje
søndag 2 juni
Haga kyrkje

Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no: