Samnanger Sokn
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

Nyheter

If not for love

Songar frå Johnny Cash sitt repertoar.
Linn Borgny, Benjamin og Knut Inge Røen saman med prosjektkor og bandet "Sjansespel" frå Samnanger og Fusa.

Vel møtt til konsert med songar frå Johnny Cash sitt repertoar.

Fredag 15.mars kl.19.30 i Haga kyrkje.

Laurdag 16.mars kl.18.00 i Eikelandsosen Bedehus.

Dei fleste har nok høyrd songar som  «Man in black», «Folsom prison blues» og «I walk the line». Men kanskje ikkje alle visste at Johnny Cash hadde mykje av sin bakgrunn i salme- og gospelsongen. Og heile livet framførde han songar med ein kristen bodskap – også i dei meir røffe periodane. Mange av desse songane er i countrystil. – Når Cash t.d. syng om «den gode hyrdingen», syng han om  «The greatest cowboy of them all». I songane hans er humor, engasjement, naud, depresjon, kjærleik og levd liv. Dei er mangfaldige som mannen sjølv.  
   «The man in black»  hadde eit stort hjarta for dei som hadde det vanskeleg og kvidde seg ikkje for å ta det opp på høgaste politiske hald. Han song like gjerne protestsongar  i «Det kvite hus» som i eit fengsel. Han kunne sjølv ha vorte ein av desse som enda opp på ein parkbenk eller bak murane. Det var kjærleiken som berga han, seier han gjennom tittelsongen på prosjektet: «If not for love».  
  
Solistar er Knut Inge, Benjamin og Linn Borgny Røen og bandet «Sjansespel» frå Fusa og Samnanger spelar.

Dette er det siste korprosjektet Anne-Lise og Eilert Tøsse står føre som organistar, i og med at dei sluttar i stillinga til sommaren.

Kollekt ved utgangen.

Vel møtt!

Publisert av: Bente Dyrøy Bødker den 29-01-2019
KALENDER

søndag 28 april
Haga kyrkje
lørdag 4 mai
Ådland kyrkje
søndag 5 mai
Ådland kyrkje
søndag 12 mai
Ådland kyrkje
19:00 Lovsong
Haga kyrkje
søndag 19 mai
Ådland kyrkje
onsdag 29 mai
Ådland kyrkje
søndag 2 juni
Haga kyrkje
søndag 9 juni
Nordviksætra
søndag 16 juni
19:00 Lovsong
Haga kyrkje

Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no: