Samnanger Sokn
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

Nyheter

Arna gospel prosjektkor

Kom og bli med i Arna Gospel prosjektkor!

At Eilert og Anne-Lise ikkje er organistar for oss meir, har sikkert dei fleste fått med seg. Sidan den nye kyrkjemusikaren delvis er i permisjon, kjem me ikkje til å arrangera eige korprosjekt i haust. 

Men me har fått tilbod om å vera med i Arna Gospel prosjektkor. Der er Olav Arne og Synnøve Steinkopf som leiar dette og dei har proffe musikarar med seg. Dei skal syngja songar av Andrea Couch, Bjørn Eidsvåg, Kirk Franklin, Sigvart Dagsland, Tore Aas, m. fl. 

Øvingane vert 4. sept. - 11.sept. - 18.sept. og 25.sept. i Arna kyrkjelydshus kl.19-21. Dei som ikkje kan øva  i Arna om onsdagane, kan vera med koret Kilden på Vaksdal å øva om fredagane. Me kjem til å vera ein gjeng samningar som vert med. Me arrangerer felles reis til øvingane i Arna.

Konsertane vert lørdag 28.sept. kl.18.00 og søndag 29.sept. kl.11.00 i Arna kyrkje og kl.18.00 i Dale kyrkje.

Ta kontakt med kyrkjekontoret for meir info. Tlf: 56589010 eller e-post: post@samnanger.kyrkja.no.

Me gler oss! Kjekt om fleire vert med!

Publisert av: Bente Dyrøy Bødker den 28-08-2019
KALENDER

søndag 28 april
Haga kyrkje
lørdag 4 mai
Ådland kyrkje
søndag 5 mai
Ådland kyrkje
søndag 12 mai
Ådland kyrkje
19:00 Lovsong
Haga kyrkje
søndag 19 mai
Ådland kyrkje
onsdag 29 mai
Ådland kyrkje
søndag 2 juni
Haga kyrkje
søndag 9 juni
Nordviksætra
søndag 16 juni
19:00 Lovsong
Haga kyrkje

Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no: