Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under
Les tilgjengelighetserklæringenNyheter
Ny kyrkjemusikar i Samnanger
1.februar starta Torgeir Kinne Solsvik som ny kyrkjemusikar her i Samnanger.
Torgeir Kinne Solsvik er utdanna pianist, akkompagnatør og kammermusikar ved Griegakademiet i Bergen og Conservatorium of Music i Sydney. Han har jobba som konsertpianist og akkompagnatør, og har mange plateutgjevingar bak seg. I tillegg til dette er han også ein dyktig kordirigent, og har dei siste åra mellom anna dirigert Trengereidkoret. Han har også erfaring som pianolærar, i tillegg til at han driv med pianostemming og har eige lydstudio, og ikkje minst har han lang erfaring som organist.
Me er veldig glad for at Torgeir har takka ja til stillinga som kyrkjemusikar her i Samnanger sokn. Som vist over, er han særs dyktig og allsidig, og me gler oss til å få høyra meir av musikken hans framover, både i gudstenestene og ved ulike konsertar!
Publisert av: Bente Dyrøy Bødker den 02-03-2020 |