Samnanger Sokn
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

Nyheter

Kyrkja i koronamodus

Grunna smitteverntiltak er det strenge restriksjonar for gudstenester, dåp, bryllaup og gravferd. 

Gudstenester
Det er no berre lov å vera 10 stk. på kvar gudsteneste i kyrkjene våre, sidan verken kyrkjebenkar eller stolar i rekkjer vert godkjende som "faste sete". Etter ein januarmånad utan gudstenester, startar me i februar opp med korte gudstenester for 10 personar. Dette gjer me etter oppmoding frå biskopen og med ein kortare liturgi som er laga for føremålet. Sidan det er så få plassar, har me påmelding til gudstenestene (Sjå eigen info) Dei kan verta avlyste på kort varsel, om smittesituasjonen endrar seg.

Dåp og bryllaup

Når det gjeld dåp og vigsler, kan me heller ikkje her ha meir enn 10 deltakarar utaom dei tilsette. Dåp vil difor ikkje skje i ei vanleg gudsteneste, men i ein privat seremoni for berre dåpsfølgjet. Gjerne før eller etter ei gudsteneste. Ta kontakt med kyrkjekontoret for avtale.
Om barnet held på å veksa ut av dåpskjolen, grunna stadige utsetjingar: Det går an å ha seremoniar med berre dei næraste til stades og heller ta festen seinare, når det er lov å festa!

Gravferder
Me har framleis lov å ha gravferder med inntil 50 til stades.
Det vil vera smittevern-tiltak som før:
Alle må registrerast med telefonnummer, grunna smittesporing.
Alle må sprita seg før dei går inn og når dei går ut.
Folk må plasserast på annakvar benk med 2 meter avstand mellom dei som ikkje høyrer til same husstand. 
  
Folk som er i karantene kan ikkje ta del i gravferder. Det kan difor vera aktuelt å søkja om utsetjing av gravferd til etter næraste familie er kome ut av karantene. Ei anna løysing er å setja kista ned med ein liten seremoni på gravplassen og heller ha ein minneseremoni i kyrkja i etterkant. Om det er bisetjing, kan ein ha ei samling for dei aller næraste før kremeringa og heller ha ein seremoni når urna skal setjast ned.

Born og unge
Tiltak for born og unge, slik som konfirmantsamlingar og Kompis, har starta opp att. Andre tiltak vert vurderte etterkvart. Sjølv om reglane for born og unge er lempa på, må ein også ta omsyn til at vaksne leiarar skal kunne ta del. Det er også vanskeleg når tiltak omfattar fleire klassetrinn. 


OBS Strengare kommunale smittevern-reglar kan
gjera at det vert endringar og avlysingar på kort varsel.

Publisert av: Britt Haukanes den 05-02-2021
KALENDER

søndag 21 april
Ådland kyrkje
tirsdag 23 april
Haga kyrkje
søndag 28 april
Haga kyrkje
lørdag 4 mai
Ådland kyrkje
søndag 5 mai
Ådland kyrkje
søndag 12 mai
Ådland kyrkje
19:00 Lovsong
Haga kyrkje
søndag 19 mai
Ådland kyrkje
onsdag 29 mai
Ådland kyrkje
søndag 2 juni
Haga kyrkje

Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no: