Samnanger Sokn
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

Nyheter

Drive-in-gudstenester ved Ådland kyrkje

Samnanger og Fusa samarbeidar om "gudsteneste i bilen".
Her finn du info og program for drive-in-gudstenesta skirtorsdag og påskedag.

Sokneprestane i Fusa og Samnanger inviterer til drive-in-gudsteneste i påska, på skjærtorsdag og 1. påskedag. Ei drive-in-gudsteneste skjer ved at ein køyrer til parkeringsplassen i bil, og stiller radioen inn på ein FM-frekvens som gjer at dei kan motta radiosignalet som gudstenesta vert send på. Dette vert ei enkel gudsteneste - men me meiner det er viktig å gjera noko felles i desse tider, der ein elles skal vera på avstand. Her kan ein møtast utan å møtast.

Nokre viktige reglar gjeld for arrangementet - kommuneoverlegen i Samnanger har sett desse krava:

  • Ikkje kom gåande - berre i bil.
  • Ta berre med personar frå eigen husstand. Det er ikkje lov til å ta med seg, eller sitja på med, nokon ein ikkje bur saman med.
  • Du kan ikkje vera med om du er i karantene eller isolasjon, eller om du har symptom på luftveisinfeksjon.
  • Alle blir verande i bilane under heile gudstenesta. Om noko oppstår, eller ein ikkje ynskjer å sitja i bilen lenger, må ein køyra ut frå området.
  • Det er ikkje lov til å opna vindaugo eller dører for å prata med kvarandre.
  • Når gudstenesta er ferdig, reiser ein rett heimatt.
  • Det vil vera parkeringsvaktar til stades for å passa på at reglane vert følgde.

Me vonar at folk vil koma og vera med på gudsteneste, sjølv om desse vert litt særeigne! Kom til kyrkja på Ådland i Samnanger - Prestavegen 2, 5652 Årland - på skjærtorsdag og 1. påskedag, 17:00 begge dagar.
(Tekst: Fusa sokn)

- Her kan du laste ned programmet for drive-in-gudstenesta skirtorsdag i pdf: Program

- Her kan du lese andakten som vart halden på skirtorsdag: Andakt skirtorsdag



- Her kan du laste ned programmet for drive-in-gudstenesta 1.påskedag i pdf: Program

Du kan også sjå heile programmet på kyrkja si Facebookside.

Vi er takknemleg for eit takkoffer.
Dagens kollekt går til skuleprosjektet som Samnanger sokn støtter i Lusaka i Zambia. 

Du kan gje eit takkoffer på Vipps til:
Samnanger sokn
Vipps-nr.: 11 21 48



Publisert av: Bente Dyrøy Bødker den 12-04-2020
KALENDER

lørdag 4 mai
Ådland kyrkje
søndag 5 mai
Ådland kyrkje
søndag 12 mai
Ådland kyrkje
19:00 Lovsong
Haga kyrkje
søndag 19 mai
Ådland kyrkje
onsdag 29 mai
Ådland kyrkje
søndag 2 juni
Haga kyrkje
søndag 9 juni
Nordviksætra
søndag 16 juni
19:00 Lovsong
Haga kyrkje
søndag 23 juni
Haga kyrkje

Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no: