Samnanger Sokn
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

Nyheter

Gudstenestene startar opp igjen!

Endeleg kan me samlast igjen til gudsteneste i kyrkja!

For at gudstenesta skal gå føre seg innanfor smittevernstiltaka, vert det ulike restriksjonar:

- Plass til maks 50 stk. (Inkl. tilsette) Dei som kjem etter talet er nådd, må diverre visast bort.
- Berre heilt friske. Ingen med feber eller symptom på luftveis-infeksjon får lov å delta.
- Reine hender. Alle må sprita hender før dei går inn og når dei går ut att. 
Halda avstand. Alle som ikkje bur i same hustand må halde minst 1 meters avstand frå dei andre og me sit på annakvar benk.
- Ikkje rør! Alle må prøva unngå å ta på ting/ stader der andre også kan ta.

Det vil verta informert nærare om tiltaka i gudstenesta.

Frammøtelister
For å kunna spora deltakarar i tilfelle smitte, skal me føra lister over frammøtte også på gudstenestene. Desse vert oppbevarte i lukka konvolutt i 10 dagar og så vert dei makkulerte.

Saman skal me klara å unngå at kyrkja kan verta ein stad for smittespreiing.

Me gler oss til å feire gudsteneste saman med andre frå kyrkjelyden igjen!


Publisert av: Bente Dyrøy Bødker den 05-05-2020
KALENDER

tirsdag 23 april
Haga kyrkje
søndag 28 april
Haga kyrkje
lørdag 4 mai
Ådland kyrkje
søndag 5 mai
Ådland kyrkje
søndag 12 mai
Ådland kyrkje
19:00 Lovsong
Haga kyrkje
søndag 19 mai
Ådland kyrkje
onsdag 29 mai
Ådland kyrkje
søndag 2 juni
Haga kyrkje
søndag 9 juni
Nordviksætra

Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no: