Samnanger Sokn
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

Nyheter

Nye koronareglar frå 15. juni

Mindre strenge koronatiltak etter 15. juni. Men framleis stort fokus på smittevern.

Etter 15.juni har styresmaktene løyst endå meir opp i korona-restriksjonane. No er det høve til å samla inntil 200 personar til arrangement i kyrkjene. Dette gjeld både gudstenester, gravferder og bryllaup. Men me skal framleis halda ein meters avstand til dei me ikkje er i nær familie med. Frammøtetalet vert avgrensa av desse reglane, og me tenkjer at det vil vera plass til rundt 80 i kyrkja på Haga og 150 på Ådland. Dette er sjølvsagt avhengig av kor mange av dei som kjem, som er frå same husstand og det må difor vurderast på arrangementa, når ein skal setja stopp.  

Men det er framleis strenge krav til smittevern og reinhald:
Berre heilt friske kan ta del.
Reine hender - Spriting før og etter arrangementet.
Halda avstand - minst ein meter.
Ikkje røra ting/stader andre også kan koma til å ta på.
Ekstra smitteverntiltak ved nattverd, dåp og vigsle.
Ekstra reinhald om det er fleire arrangement same veka i same rom.

Frammøtelister
For å kunna spora deltakarar i tilfelle smitte, skal me føra lister over frammøtte på arrangement. Desse vert oppbevarte i lukka konvolutt i 10 dagar og så vert dei makkulerte.

Utsette arrangement:
15. mars - 25-årsjubileum for Haga kyrkje. Førebels ny dato 8. november
3. mai - konfirmasjon. Utsett til laurdag 19. september.
10. mai - 50-årskonfirmant-jubileum Førebels ny dato: 13. september
10. juni - Nasjonalromantisk flygel-konsert med Frode Skag Storheim Utsett til 19. juni

Publisert av: Britt Haukanes den 08-05-2020
KALENDER

søndag 28 april
Haga kyrkje
lørdag 4 mai
Ådland kyrkje
søndag 5 mai
Ådland kyrkje
søndag 12 mai
Ådland kyrkje
19:00 Lovsong
Haga kyrkje
søndag 19 mai
Ådland kyrkje
onsdag 29 mai
Ådland kyrkje
søndag 2 juni
Haga kyrkje
søndag 9 juni
Nordviksætra
søndag 16 juni
19:00 Lovsong
Haga kyrkje

Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no: