Samnanger Sokn
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

Nyheter

Konsert "Fast som fjell"

Norheimsund og Øystese Ungdomskor held konsert i kyrkja på Ådland 3.oktober kl.19.00.

http://samnanger.kirkene.net/img/30_01_2019_Nyheiter/Pressebilde_NOUK_2020_m_logo.jpg
«Fast som fjell»


Norheimsund og Øystese Ungdomskor på konsertturné 3. – 5. oktober 2020.

Kvart år sidan 1968 har Norheimsund og Øystese Ungdomskor reist på turné for å spre song- og musikkglede og samle inn pengar til eit prosjekt. I år vart turen til Viken og Oslo dessverre avlyst pga. Covid19. I staden blir det vestlandsturné.

Konserten koret framfører har fått namnet "Fast som fjell". Gjennom musikk, tekstlesing, drama, lyssetjing og bruk av bilete på storskjerm vert publikum teke med på ei vandring frå palmesøndag til påskemorgen. Repertoaret er variert og spenner frå tradisjonelle salmar til nyare songar. Alt blir framført på norsk.

Det er gratis inngang på alle konsertane, men koret tek opp ein kollekt. Turnékostnadane betaler ungdommane sjølve, så alle innsamla midlar går uavkorta til koret sitt misjonsprosjekt. I år støttar koret eit NLM-prosjekt i Kenya. Prosjektet blir presentert på konserten.

Kormedlemmene er i alderen 13 – 19 år. Dirigent for koret er Vidar Sangolt frå Norheimsund i Hardanger. Bandbesetningen består av piano, synth, gitar, bass, trommer, perkusjon, samt blåserekke med tuba, kornett, saksofon og trombone. Koret har 30 songarar.

Konsertar:
3. oktober kl. 19.00: Ådland kyrkje, Samnanger
4. oktober kl. 19.00: Nain, Voss
5. oktober kl. 19.00: Norheimsund kyrkje

Prosjektinfo:
https://www.nlm.no/internasjonalt-arbeid/prosjekter/samfunnsutvikling/samfunnsutvikling-ikenya/?bclid=IwAR1ci3mz6QexCvz02bomuCODjgYa4ZAqsPaAAWp0UxbDcUdiO1y9gunwS0Q

https://www.nlm.no/video/2018/kenya/?fbclid=IwAR1t49v67-AjaF_kbcnRFHf6_1o4dF7varXnTAZ2m7xpTDTAJv8Fg0IVIo

Cd-innspeling «Fast som fjell»:

https://open.spotify.com/album/5fGGNQh90t10mqJ8PJeUgd?si=kfvOTCB0RCeEkBDQMMwWIQ

https://tidal.com/browse/album/111242798

Publisert av: Bente Dyrøy Bødker den 22-09-2020
KALENDER

søndag 21 april
Ådland kyrkje
tirsdag 23 april
Haga kyrkje
søndag 28 april
Haga kyrkje
lørdag 4 mai
Ådland kyrkje
søndag 5 mai
Ådland kyrkje
søndag 12 mai
Ådland kyrkje
19:00 Lovsong
Haga kyrkje
søndag 19 mai
Ådland kyrkje
onsdag 29 mai
Ådland kyrkje
søndag 2 juni
Haga kyrkje

Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no: