Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under
Les tilgjengelighetserklæringenNyheter
Framleis strenge restriksjonar i kyrkjene
Berre 20 deltakarar ved arrangement. Ungdom og born kan møtast i kyrkjene med restriksjonar.
Kyrkja sentralt bad oss stengja for all aktivitet utanom gudstenester, gravferder, dåp og vigsle ut november.
Bergen kommune og nabokommunane, ynskjer å halda på dei strenge smittevernreglane som først gald til 23. november. Dei utvidar perioden i 14 dagar til, altså fram til 7. desember. Bjørgvin bispedøme opnar no for gudstenester /samlingar i kyrkjene med opp til 20 deltakarar.
Konfirmantundervisning og barnearbeid kan starta opp, men då med strenge restriksjonar. Planlagde kyrkjelege handlingar vil me kunna ha. Der ser reglane slik ut:
Gudstenester, dåp og vigsler: Kan ha seremoni med inntil 20 til stades, utanom kyrkjestaben.
Gravferd: Kan ha seremoni med inntil 50 til stades utanom kyrkjestaben.
Utleige av kyrkja til private arrangement: Max 20 til stades.
Det skal vera faste sitjeplassar under heile arrangementa og strenge smittevernreglar elles.
Me håpar at gjer me ein god innsats no, kan det koma seg fram mot jul, slik at me kanskje får gleda av julekonsertar og gudstenester i jule-tida. Truleg då berre med max 50 frammøtte pr. arr.
Oppdatert 30.11.20
Publisert av: Britt Haukanes den 09-11-2020 |