Samnanger Sokn
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

Nyheter

Lys i mørkret

- Samnanger kyrkjelyd sin digitale adventskalender

Får du ikkje gått på julekonsert i år?
Vil du vita korleis du syr julegåver, bakar lefser eller lagar englar til juletreet?
Treng du tips om julebøker? Treng du noko å gle deg over i mørke dagar?
Kvar dag frå 1. søndag i advent, kan du opna ei luke med ein liten lokal filmsnutt.

Trykk på datoen for dagen, så kjem du inn på ein liten film. (Vert aktivert kl.06.00 den dagen det gjeld).

29. november1.søndag i advent. Tenn lys! Song av Sara Olivia Solberg Nordnes, Håkon Skutlaberg og Sofie Flaktveit Holmsen. Flygel: Torgeir Kinne Solsvik.  Sokneprest David Vogel opnar kalenderen.

30. november – Ada Haugen er over 90, men syr framleis julegåver til familie og kjenningar.

1. desember  "You are my all in all" med Benjamin A. Røen, Mirjam Dyrhovden Fjell og Torgeir Kinne Solsvik.


2. desember – Juletradisjonar i Tyskland v. sokneprest David Vogel.

3. desember – Den vesle Bibelen, Joh. 3.16 «rappa» av «Kompisar» frå 5. klasse ved Samnanger barneskule.

4. desember – Tips om jule- og advents-bøker v. Merethe Gauden på biblioteket.

5. desember – Laging av julekrans ved Judith O. E. Svensdal frå «Oline`s blomsterverksted»

6. desember
2. søndag i advent. Song av Sara Olivia Solberg Nordnes, Håkon Skutlaberg og Sofie Flaktveit Holmsen. Flygel: Torgeir Kinne Solsvik.

7. desember Advent på Tysse - barndomsminne v. Haldis Reigstad.

8. desember «Jesu føderom» Lea Vogel og Kristi Mjelstad pyntar julekrubba i kyrkja på Haga. Song: «Mitt hjerte alltid vanker» v. Hilde M. Aarvik

9. desember Lefsebaking v. Stein Åge Liøen og Anlaug R. Hauge.

10. desember  Lysmesse  Konfirmantar les og tenner lys. Musikk av Torgeir Kinne Solsvik. Improvisasjon over «Å kom, å kom Immanuel»

11. desember  «Mary, did you know» v. Mirjam Dyrhovden Fjell og Joel Dyrhovden


12. desember  Lussekattar og Luciafeiring v. Solvor Aadland og borneborna Vincent, Embla og Olea. Song av born frå «Kompis».


13. desember 3. søndag i advent. Song av Sara Olivia Solberg Nordnes, Håkon Skutlaberg og Sofie Flaktveit Holmsen. Flygel: Torgeir Kinne Solsvik.

14. desember Liten julesuite med Cimbrasso. Arr Eilert Tøsse. Les meir om Cimbrasso på facebooksidene deira.

15. desember Laging av julepynt v. born frå «Kompis»: Malene, Sofie, Sara og Håkon og trusopplærar Kristi.

16. desember – Julefeiring i andre land. Juleavslutning på Neset ved den internasjonale matklubben, og  julehelsing frå Zambia.

17. desember King Sing syng julesongar på musikkandakta i Ådland kyrkje.

18. desember «Den vesle bygda som glømte at det var jul» av Alf Prøysen, lese av Merethe Gauden.

19. desember – Nordnorsk julesalme med Marte Øien. Torgeir Kinne Solsvik på piano.

20. desember – 4. søndag i advent. Song av Sara Olivia Solberg Nordnes, Håkon Skutlaberg og Sofie Flaktveit Holmsen. Flygel: Torgeir Kinne Solsvik.

21. desember  Himlen i min famn v. Hilde Aarvik og Torgeir Kinne Solsvik.

22. desember Pynting av juletre - symbolikk – v. Kristi Mjelstad og Leah Vogel. Musikk av og med Torgeir Kinne Solsvik.

23. desember  Det lyser i stille grender v. Therese Solberg Ervik og Thomas Walravens

24. desember Juleevangeliet lese av ulike samningar. O Helga natt v. Knut Inge og Benjamin Røen.

25. desember  Mitt hjerte alltid vanker med Cimbrasso.


Kalenderen vert også lagt ut på kyrkja si Facebook-side: Kyrkja i Samnanger.

Publisert av: Bente Dyrøy Bødker den 25-11-2020
KALENDER

søndag 21 april
Ådland kyrkje
tirsdag 23 april
Haga kyrkje
søndag 28 april
Haga kyrkje
lørdag 4 mai
Ådland kyrkje
søndag 5 mai
Ådland kyrkje
søndag 12 mai
Ådland kyrkje
19:00 Lovsong
Haga kyrkje
søndag 19 mai
Ådland kyrkje
onsdag 29 mai
Ådland kyrkje
søndag 2 juni
Haga kyrkje

Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no: