Samnanger Sokn
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

Nyheter

Kyrkjevalet 2023

Valet er vel overstått. Her finn du informasjon om soknerådsvalet. 


Som elles i lander gjekk valdeltakinga i kyrkjevalet litt ned i år. !3 % av kyrkjemedlemene i Samnanger stemte ved soknerådsvalet. Av 225 stemmer var 74 av dei på digital førehandsstemming, noko som var nytt i år. 

Dette er det nye soknerådet:

Medlemer:

  1. Lillian Høysæter Svendsen
  2. Julie Langeland Vevle
  3. Johannes Solsvik Bruvik
  4. Gullborg Marie Kongestøl Aasgaard
  5. Monica Tjønna
  6. Hilde Maraas Aarvik

Varamedlemer:

  1. Eva Hellevang
  2. Thomas Walravens
  3. Tor Jellestad
  4. Anne Gerd Tandstad

Me ynskjer det nye rådet lukke til med soknerådsarbeid i perioden 2024 til 2027!

 

Til bispedømerådet var Samnangestemmene fordelte slik: 

8    Bønnelista 
18  Frimodig kyrkje 
27  Nominasjonskommiteen si liste 
30  
Open folkekyrkje

 

TIDLEGARE PUBLISERT OM VALET:

For soknerådsvalet, har det berre kome ei liste inn. (Sjå faktaboks) Så valet her står mellom dei personane som står på lista. Kven vil du ha inn i rådet, og kven skal verta varamedlemer? Du kan gje inntil tre personar ei ekstra stemme og i tillegg føra på inntil tre nye om du ynskjer det.

I valet til bispedømerådet, er det i år heile 49 personar på fire ulike lister å velja mellom. Bønnelista, Frimodig kyrkje og Open folkekyrkje i tillegg til nominasjons-komiteen si liste. Gå gjerne inn på Bjørgvin bispedøme sine heimesider, der finn du kandidatane på alle listene.  

Det vil også verta gjeve ut eit eige blad med informasjon om begge vala og kandidatane.

Om du ikkje har høve til å stemma på valdagen, kan du førehandsstemma. Hjå oss kan du gjera det i kyrkja på Haga tysdagar og torsdagar kl. 9.00 -15.00 i perioden 10. aug. til 8. sept., torsdag 31. aug frå 15.00 – 20.00 og etter gudstenestene 20. og 27. aug.
   I tillegg går det også for første gong an å førehands-stemma digitalt på ein smarttelefon eller ei datamaskin. Dette finn du lettast ut av ved å gå inn på kyrkja.no, så på «kirkevalget 2023» og «her kan du stemme digitalt». Du kan også der finna ei rettleiing «Steg for steg, - slik stemmer du digitalt». Frå 10.aug. kl. 9.00 til 6. sept. kl. 15.00 kan du altså stemma på kyrkjevalet heime i di eiga stove.  Godt val!

Desse står på vallista:

  1. Gullborg Marie Kongestøl Aasgaard (65)
  2. Hilde Maraas Aarvik (60)
  3. Thomas Walravens (24)
  4. Lillian Høysæter Svendsen (35)
  5. Anne Gerd Tandstad (58)
  6. Johannes Solsvik Bruvik (47)
  7. Julie Langeland Vevle (25)
  8. Monica Tjønna (50)
  9. Tor Jellestad (60)
  10. Eva Hellevang (75)

Det har ikkje kome inn fleire listeframlegg, så då vert det folk frå denne lista du kan stemma på til valet. 


----------------------------------------------------------------------------------------------

Om å stilla liste til soknerådsvalet 2023.

I desse dagar held nominasjonsnemndene på å laga valliste til soknerådsvalet 11. september. Å sitja i soknerådet er eit tillitsverv og kyrkja i Samnanger har bruk for eit styre som er sett saman av folk med ulik alder og erfaring. Du må stå som kyrkjemedlem i DNK for å vera med og vera over 18 år. Det er fint om du også set pris på arbeidet kyrkja gjer i bygda vår, men elles treng du ikkje vera av dei som går i kyrkja kvar søndag. Så svar frimodig ja til å verta med, om du vert spurd! Eller foreslå andre eller deg sjølv som frivillige i kyrkjelyden sitt mangfaldige arbeid.

Stilla eiga liste eller få nye inn på lista
Men visste du at det også er høve for andre å stilla liste til valet? Kven som helst av medlemmane i Samnanger sokn kan foreslå ei liste til soknerådsvalet, så lenge framlegget er skrive under av ti personar med røysterett. Lever lista til kyrkjekontoret før 31. mars kl. 12.00. Det må vera minst 10 valbare personar på lista. Rådet har seks medlemer og fire varamedlemer.
Nominasjonskomiteen si liste kan ein òg supplere med eit ekstra namn i perioden 2. – 15. mai. Fem medlemmar med røysterett kan saman foreslå ein supplerande kandidat som då vil kome med på lista til valet. Dette vil det koma meir info om når lista vert lagt fram.

Soknerådet sine oppgåver
Soknerådet skal bidra til at kyrkja er ein plass alle kan kjenne seg heime. Det betyr mellom anna å legge til rette for at menneske kan møtast til kyrkjebyggande aktivitet som barne- og ungdomsarbeid, gode gudstenester, dåps- og konfirmantundervisning, diakoni (kyrkja si omsorgsteneste), musikk og frivillig arbeid av ulik karakter. Soknerådet lagar planar som vert gjennomført  av tilsette og frivillige i fellesskap.
Ei nasjonal undersøking blant sitjande soknerådsmedlemer viser at eit stort fleirtal trivst og opplever det som meiningsfylt å vere med i soknerådet.

Kvifor seia ja til soknerådet?
Det er mange grunnar til å stille til val til soknerådet. Her er ti av dei. Som representant i soknerådet vil du få høve til å:

  1. bruka talenta dine
  2. få nye relasjonar i nærmiljøet
  3. jobba saman med andre – for andre
  4. vera med på å formidla kristen tru
  5. dela og diskutera standpunkta dine med andre
  6. sørgja for eit trygt og godt fritidstilbod for barn og unge
  7. leggja til rette for at kyrkja kan vera ein viktig kulturarena
  8. bidra til at kyrkja er open for alle
  9. gjera lokalmiljøet ditt betre
  10. verta betre kjent med deg sjølv
Ja, det er valtid også i kyrkja. Dei siste kyrkjevala har vorte haldne samstundes med kommunevalet i lokale i nærleiken. (Eigne rom i same bygning.) Slik vert det også i år. Måndag 11. september vert det val på Tysse skule, på Samnangerheimen og på Biblioteket på Bjørkheim mellom klokka 10 og 20.00.

Publisert av: Britt Haukanes den 22-03-2023
KALENDER

lørdag 4 mai
Ådland kyrkje
søndag 5 mai
Ådland kyrkje
søndag 12 mai
Ådland kyrkje
19:00 Lovsong
Haga kyrkje
søndag 19 mai
Ådland kyrkje
onsdag 29 mai
Ådland kyrkje
søndag 2 juni
Haga kyrkje
søndag 9 juni
Nordviksætra
søndag 16 juni
19:00 Lovsong
Haga kyrkje
søndag 23 juni
Haga kyrkje

Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no: