Meny
Framside
LINKAR
Kirkens SOS
Tripp Trapp Klubben
Bjørgvin bispedøme
Kyrkja.no
Aktivitetar
Kontaktinfo

DEN NORSKE KYRKJA
Samnanger kyrkjelyd
Hagabakkane 1
5650 TYSSE

Tlf: 56 58 90 10
E-post: post@samnanger.kyrkja.no  


http://samnanger.kirkene.net/img/31_08_2015_Kyrkjer/Samnanger_kyrkje_02_09_2015.png
Kyrkjekontoret ligg i kyrkja på Haga og har til vanleg opningstid 
mandag-fredag frå kl 10.00 - 14.00.
 

  Utskriftsvennlig side

Korprosjekt Luther-Jazz

Velkomne til korprosjektet : LUTHER-JAZZ

Luthersalmar som svingar!
31. oktober 2017 er det nøyaktig 500 år sidan Martin Luther slo opp dei 95 tesane på slottskyrkjedøra i Wittenberg. Men Luther er kjend for mykje meir enn berre som reformator: Han både dikta og komponerte melodiar, den mest kjende er «Vår Gud, han er så fast ein borg».

Olav Arne Steinkopf (kantor i Arna og sjølv jazzpianist) har no tonesett og arrangert 11 av desse for kor, solistar og jazzband. Luther sine tekster har fått nye melodiar og nye arrangement. Musikken har eit spenn frå rolige jazz-balladar til latin-amerikanske rytmer og funk. Dette er musikk som verkeleg svingar! I sommar vart delar av verket framførd i Molde domkyrkje under MoldeJazz, det seier ikkje så lite... Verket vart bestilt av Samnanger kyrkjelyd og er no utgjeve på Cantando musikkforlag.

Kjempekor med proffe jazzmusikarar!
Me satsar på eit regionalt felleskor, med songarar frå Samnanger, Fusa, Vaksdal og Arna. Til saman reknar me med å verta eit kor på 50-60 stk, kanskje endå fleire. Og med eit band av heilproffe jazzmusikarar, leia av Olav Arne på tangentane, skulle det liggja an til ei konsertoppleving av dei heilt store. Vår eiga Anne-Lise vert dirigent på konsertane.

Slik vert opplegget: Det vert 4 konsertar, fordelte over dei to siste helgane i oktober.
Me vonar at flest mulig kan vera med på alle konsertane, men om nokon ikkje har høve til vera med på alle 4, går det sikkert bra det og. Som vanleg er det øvingsfilar på CD, slik at det skal vera enkelt å øva på eiga hand. Etter at me har hatt lokale korøvingar, vert det ei fellesøving for alle i Vaksdal kyrkje.

ØVINGSPLAN for prosjektkoret i Fusa/Samnanger:
Onsdag 13. september 19.00 – 21.30 HAGA KYRKJE
Onsdag 20. september 19.00 – 21.30 HAGA KYRKJE
Onsdag 27. september 19.00 – 21.30 HAGA KYRKJE
Onsdag 4. oktober 19.00 – 21.30 HAGA KYRKJE
-HAUSTFERIE NB! -
Onsdag 18. oktober 18.00 – 21.30 NB FELLESØVING i VAKSDAL KYRKJE

Fredag 20. oktober: Framføring i Haga kyrkje kl 19.30.
Lørdag 21. oktober: Framføring i Eikelandsosen bedehus kl 17.00.

Lørdag 28. oktober: Framføring i Arna kyrkje kl 17.00.
Søndag 29. oktober: Framføring i Dale kyrkje kl 19.00.

Er dette noko for deg? Ta kontakt med organistane våre, Anne-Lise og Eilert på tlf: 970 33 207, eller møt opp i Haga kyrkje på første øving.

Tilbake

 

Sjå tidlegare utgåver »
KALENDER
22 Oktober
11:00 Familiegudstjeneste i Haga Kyrkje
29 Oktober
11:00 Familiegudstjeneste i Haga Kyrkje
05 November
18:00 Gudstjeneste, Ådland Kyrkje
19 November
11:00 Gudstjeneste i Ådland Kyrkje
26 November
11:00 Gudstjeneste, Haga Kyrkje
28 November
18:00 Ungdomsgudstjeneste, Haga Kyrkje
03 Desember
11:00 Gudstjeneste, Ådland Kyrkje
10 Desember
18:00 Gudstjeneste i Ådland Kyrkje
24 Desember
14:00 Gudstjeneste, Ådland Kyrkje
15:30 Gudstjeneste, Haga Kyrkje

Den Norske Kyrkja
Søk i kirken.no:
  
Linkar
Størst av alt
Kundepålogging

Brukarnamn:

Passord:

Copyright © 2015 Samnanger Sokn. Powered by KWeb fra kirkedata.no