Foreldrekurs 0-10 år

http://samnanger.kirkene.net/img/04_09_2015_Nyheit/Plakatbilde_foreldrekurs016.jpg

































Kurset er for alle typar familiar, også åleineforeldre og dei som har «bonusborn».

Kvifor gå på foreldrekurs?

• Born kjem ikkje med brukarrettleiing
• Foreldrerolla er den viktigaste rolla me tek på oss i livet. 
• Foreldre møtar forvirrande mange råd om korleis ein skal oppdra borna og familielivet er under press heile tida.
• Familielivet i dag er under press. 
• Å oppdaga at me ikkje er åleine med utfordringane me møter, men få idear frå andre foreldre, kan utgjera ein stor forskjell.

Kurset går over 5 kveldar.
Det vert mat, dvd-undervisning (Nicky og Sila Lee), smågrupper og tid til prat. Gullborg og Inge Aasgaard er med og leiar kveldane.

Tema som vert teken opp:
• Byggja sterke fundament
• Møta borna sine behov
• Setja effektive grenser
• Læra sunne relasjonar
• Vidareføra dei verdiane du synest er viktige

Dato: Ein kurskveld ca kvar 14.dag. Oppstart når det er nok påmelde. 
Klokka:
19.45-22.15
Stad:
Biblioteket på Bjørkheim, evt. peisestova i Haga kyrkje.

Info / påmelding: Gullborg K. Aasgaard.
Sms: 413 22 001. E-post: gullborg@aasgaard.in

Pris:
Kr. 300,- per person eller 500 per par (deltakarhefte+mat).
Me rår alle par til å gå saman.

Arr: Samnanger kyrkjelyd.

For meir info, trykk på linken HER.

Velkommen!

Kontaktperson:
Gullborg Kongestøl Aasgaard

Tilbake