Den Norske Kyrkja
Samnanger Sokn
Meny

LINKAR
Kontaktinfo

DEN NORSKE KYRKJA
Samnanger kyrkjelyd
Hagabakkane 1
5650 TYSSE

Tlf: 56 58 90 10
E-post: post@samnanger.kyrkja.no  
Facebook:
Kyrkja i Samnanger.

https://samnanger.kyrkja.no/img/31_08_2015_Kyrkjer/Samnanger_kyrkje_02_09_2015.png








Kyrkjekontoret ligg i kyrkja på Haga og har til vanleg 
opningstid  man-fre. frå kl 10.00 - 14.00.
 

Kva gjer me når me ikkje kan samlast?

Mange saknar fellesskapet sitt, og kjenner seg engstelege. Kva kan me gjera?

Når kyrkjedørene er stengde og mange må halda seg inne, utan det fellesskapet der dei vanlegvis finn styrke når det er vanskelege tider. - Kva gjer me då? 

https://samnanger.kyrkja.no/img/30_01_2019_Nyheiter/Gt_hjarte_1.png
• Bruk telefonen! Ring vener og familiemedlemer. Kanskje du kjenner nokon som treng ein god prat og litt oppmuntring? Eldre personar som ikkje kan besøkjast, kan ringjast til. 

• Har du det vanskeleg og ynskjer å snakka med nokon? Sjølv om presten ikkje sit på kontoret så ofte no, er han på jobb og kan ringjast til. Bruk mobilnr. til David Vogel 98 84 28 82. Du kan uansett tid på døgeret nå kirkens SOS på tlf. 22 40 00 40 eller du kan prata på nett: https://www.kirkens-sos.no 

• Finn deg eit digitalt fellesskap. Sjå på framsida til  https://kyrkja.no/  Her er tips til når du kan finna program på fjernsyn eller radio. Det er også linkar til mange gudstenester og andaktar som ligg ute på nett, og til ein "digital bønevegg".   

• Ta del (gjennom skjermen) i andakt og bønefellesskap kvar dag kl. 12.00 i Mariakyrkja i Bergen https://kyrkja.no/bjorgvin . Det går også an å sjå det i opptak. 

• Les sokneprest David Vogel sine ord for dagen under "innlegg" på https://www.facebook.com/Kyrkja-i-Samnanger-1804427656459460/ 

• Når du ikkje kan nyta levande salmesong i kyrkjene våre, kan du finna tips til kvar du finn slik song under "digitale fellesskap" på nettsidene til den norske kyrkja. https://kirken.no/nb-NO/om-kirken/digitale%20fellesskap/fellesskap%20gjennom%20musikk/  Td. ligg heile "salmeboka minutt for minutt" framleis ute på Nrk.no. Søkjer du på "Norske salmer" på Spotify, kjem det opp over 1000 salmar/ kristne songar!
Når det gjeld salmesong frå altanane våre (jmf. Italia), trur eg me ventar til det vert litt varmare i været! 

Hald motet oppe og ta omsyn!

Av: Britt Haukanes   Publisert: 26.11.2020
Sjå tidlegare utgåver »
KALENDER

søndag 28 februar
Haga kyrkje
søndag 14 mars
Ådland kyrkje
søndag 21 mars
Haga kyrkje
søndag 28 mars
Haga kyrkje
torsdag 1 april
Haga kyrkje
fredag 2 april
Ådland kyrkje
søndag 4 april
Ådland kyrkje
søndag 11 april
Haga kyrkje
søndag 18 april
Ådland kyrkje
torsdag 22 april
Haga kyrkje

Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no:

  
Linkar