Den Norske Kyrkja
Samnanger Sokn
Meny

LINKAR
Kontaktinfo

DEN NORSKE KYRKJA
Samnanger kyrkjelyd
Hagabakkane 1
5650 TYSSE

Tlf: 56 58 90 10
E-post: post@samnanger.kyrkja.no  
Facebook:
Kyrkja i Samnanger.

https://samnanger.kyrkja.no/img/31_08_2015_Kyrkjer/Samnanger_kyrkje_02_09_2015.png








Kyrkjekontoret ligg i kyrkja på Haga og har til vanleg 
opningstid  man-fre. frå kl 10.00 - 14.00.
 

Påmelding til gudstenester

Grunna få plassar på gudstenestene, ynskjer me påmelding og registrering på førehand. Slik melder du deg på:

Trykk på den gudstenesta du vil ta del på, under kalender til høgre på heimesida. Under infoen er det ein blå knapp med påmelding. Fyller du ut e-postadresse, får du ei lekkje til påmeldinga, slik at du kan gå inn og endra ho (leggja til fleire t.d.) eller sletta ho om det skulle vera nødvendig.
Du må skriva mobilnr. til ein person for å få meldt han på. Born kan bruka foreldra sitt nummer. E-postadresse treng ikkje førast på til alle, berre til kontakten for bestillinga.

Ombestemmer du deg, er det fint om du melder deg av, slik at andre kan få plassen.
Når gudstenesta er fullteikna, går det ikkje an å melda seg på før nokon har meldt seg av.

Det går også an å ringja kyrkjekontoret for påmelding 56 58 90 10, helst i kontortida, men det vil også vera nokon "på vakt" laurdag mellom 9.00 og 17.00 og søndag mellom 9.00 og 10.30. 

Det går sjølvsagt an å møta opp til arrangement utan å melda seg på, men du kan ikkje vera sikker på å koma inn. Om det lovlege talet ikkje er nådd når gudstenesta startar, fyller me opp me u-påmelde. Om den påmelde ikkje er komen når arrangementet startar, vil plassen gå til andre.

Påmeldingslistene vert sletta automatisk etter 14. dagar.

Av: Britt Haukanes   Publisert: 06.02.2021
Sjå tidlegare utgåver »
KALENDER

søndag 28 februar
Haga kyrkje
søndag 14 mars
Ådland kyrkje
søndag 21 mars
Haga kyrkje
søndag 28 mars
Haga kyrkje
torsdag 1 april
Haga kyrkje
fredag 2 april
Ådland kyrkje
søndag 4 april
Ådland kyrkje
søndag 11 april
Haga kyrkje
søndag 18 april
Ådland kyrkje
torsdag 22 april
Haga kyrkje

Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no:

  
Linkar