Samnanger Sokn

Dåp

Dåpen er eit sakrament– innstifta av Jesus (Matt.28,18–20) Dåpen er fest og glede over eit nytt menneske! (Stort eller lite...) I dåpen vert du omslutta av Jesu kjærleik og får teikna krossmerke over deg. Du vert også del av det store kyrkjefellesskapet, og medlem i den lokale kyrkjelyden. Velkomen til dåp!

 

  • Frå 2018, kjem diverre ikkje lenger borna til kyrkjemedlemene våre inn i kyrkjeregisteret som "tilhørige". Difor kan me ikkje finna dei der og få sendt ut dåpsinvitasjon og informasjon til medlemene våre med nyfødde born. De må sjølv ta kontakt med kyrkjekontoret, så vil de få tilsend informasjon.
  • De kan melde på barnet til dåp ved å logge dykk inn på https://minkirkeside.no/Samnanger/ og fylle inn informasjonen dykkar der, så vert det sendt direkte til presten.

  • Bur de utanfor Samnanger og ynskjer dåp her, må de gjera avtale om dåpsdato med kyrkjekontoret i Samnanger. Men dåpspapir og dåpssamtale skal ordnast på kyrkjekontoret der de bur. Borna kjem til å følgja dåpsopplæringsplanen i soknet der dei bur.

  • Det må vera minst to fadrar utanom foreldra. Det mest vanlege er mellom fire og seks.  Fadrane treng ikkje vera medlemer av statskyrkja, men må ikkje vera mot barnedåp.

  • Det er no høve til dåp i dei fleste gudstenestene som byrjar kl. 11.00 både på Ådland og på Haga. Familiegudstenester er betre tilpassa born og litt kortare enn andre gudstenester. Er det mange dåp i ei vanleg gudsteneste, hender det at ho vert gjort om til familiegudsteneste sjølv om ho ikkje står som det i kalenderen.

  • Foreldra og dei av fadrane som har høve til det, møter i kyrkja på Haga til dåpsførebuing. Her får de informasjon både om dåpen og om dåpsopplæringsplanen i Samnanger.

Dåp av ungdom eller vaksne
Dåp skjer til vanleg i gudstenesta. Er det ungdom eller vaksne som ynskjer dåp, er det høve til å laga eit eige arrangement der berre innbedne gjestar er til stades. Dette må avtalast med soknepresten.


Ved å logge inn på https://minkirkeside.no/Samnanger/ finn de datoane for gudstenester med dåp, der de kan melde barnet på.
Sjå elles omtale av kvar enkelt gudsteneste under "kalender". Informasjonsbrev om trusopplæringa kan du laste ned her: Trusopplæringa.

Meir generell informasjon om dåp, gå inn på: kirken.no.

Sjå tidlegare utgåver »
KALENDER

torsdag 1 desember
19:00 Alfakurs
Haga kyrkje
søndag 4 desember
Haga kyrkje
mandag 5 desember
Haga kyrkje
søndag 11 desember
Ådland kyrkje
mandag 12 desember
Haga kyrkje
onsdag 14 desember
Haga kyrkje
Ådland kyrkje
søndag 18 desember
Haga kyrkje
tirsdag 20 desember
Haga kyrkje
lørdag 24 desember
Samnangerheimen

Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no: