Samnanger Sokn
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

RÅD/UTVAL

Sokneråd og kyrkjestyre

I kommunar med fleire sokn, har kvar sokn sitt sokneråd. Så har kvar kommune eit fellesråd med representantar frå alle sokna og ein som er vald av kommunestyret. I Samnanger har me berre eit sokn, difor er vårt "fellesråd" soknerådet med ein kommunal representant i tillegg. Me kallar det kyrkjestyre.

Soknerådet sine oppgåver:

- Skal "vekkja og næra det kristelege livet i soknet" i følgje kyrkjelova §9
- Ansvar for strategisk utvikling i kyrkjelyden.
- Vedtek mål og planar for soknet t.d. trusopplæringsplan, diakoniplan og plan for kyrkjemusikk
- Organiserer aktivitetar
- Vedtek lokal grunnordning for gudstenestelivet
- Vedtek føremål for kyrkjeofringar
- Forvaltar innsamla midlar til lokalt arbeid
- Ansvar for bruk av kyrkjene. Førebur saker for kyrkjelydsmøtet

 

Kyrkjestyret sine oppgåver:

- Ivaretek soknet sine interesser i høve til kommunen
- Bygging, drift og vedlikehald av kyrkjer, og gravplassar (Gravplassen  vert i Samnanger drifta av kommunen)
- Er arbeidsgjevar for dei som er tilsette i kyrkja
- Forvaltar statlege og kommunale tilskot. Styrer planprosessar
- Skaffar og driv kyrkjekontor

KALENDER

søndag 3 desember
18:00 Lysmesse
Ådland kyrkje
søndag 10 desember
Ådland kyrkje
søndag 17 desember
Haga kyrkje
søndag 24 desember
Samnangerheimen
Haga kyrkje
Ådland kyrkje
mandag 25 desember
Ådland kyrkje

Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no: