Samnanger Sokn
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

OM OSS

Ådland kyrkje

Ådland kyrkje ligg på ein stad der det har vore kyrkjer i over 800 år! 

Alt i siste halvdelen av 1100–talet, reknar me med at det vart bygd kyrkje på Ådland. Dette var ei lita stavkyrkje, som stod litt nærare sjøen enn den me har no. Me har tre ting som truleg har vore i denne kyrkja: Eit lite, emaljert krusifiks laga i Limoges på 1200–talet, ein frontale frå 1315 som no er på Historisk museum i Bergen og nokre små glasmåleri laga i 1614. 

I 1652 stod ei ny kyrkje ferdig, på staden der kyrkja står no. Denne kyrkja var lang og smal, vel 18 meter lang og 8,5 meter breid. Innvendig var ho måla med ranke–dekorasjonar. Me har fleire eignalutar frå denne kyrkja, både  nattverdskalk frå 1500–talet, altartavle frå 1743, Bibel frå 1749, dåpsfat, Kristusfigur, allmissesamlar, lysestakar, m.m.  

Kyrkja me har no, er bygd i 1851. Arkitekt Andreas Grønning har gjeve kyrkja ei sermerkt Basilika–form. Sideskipa med dei skrå veggene, gjev kyrkjerommet ei tilnærma åttekanta form! Søyler og små glasruter høgt oppe på veggane i hovudskipet minnar om stavkyrkjene. Kyrkja er lafta opp til takhøgda på koret, resten er i reisverk og ståande innvendig panel. Sjølv om dei til å byrja med ikkje hadde galleri i kyrkja, rekna dei å kunne plassera 428 kyrkjelydsmedlemer der! 27 av dei var rett nok på ringjeloftet og 18 i koret, men no reknar me at kyrkja er full med omlag 250 personar... Altarbilete me har no, er måla av Lars Osa og er ein kopi. (Orginalen av Plockhorst/ G. Richter.) Orgelet me har no, er laga av danske Bruno Christensen i 1983. Det har 17 stemmer.  

Meir informasjon om kyrkja/ kyrkjene kan du finna i heftet "Samnanger kyrkje gjennom tidene" som er til sals i kyrkjene og på kyrkjekontoret.

Sjølv om me no har ei kyrkje til i bygda vår, er det gudsteneste på Ådland omlag annakvar søndag. Dei fleste dåpar og vigsler i bygda går føre seg her. Me har også konfirmasjon og ulike konsertar i denne kyrkja kvart år.

Adressa til Ådland kyrkje er:
Prestavegen 2
5652 Årland.

KALENDER

tirsdag 23 april
Haga kyrkje
søndag 28 april
Haga kyrkje
lørdag 4 mai
Ådland kyrkje
søndag 5 mai
Ådland kyrkje
søndag 12 mai
Ådland kyrkje
19:00 Lovsong
Haga kyrkje
søndag 19 mai
Ådland kyrkje
onsdag 29 mai
Ådland kyrkje
søndag 2 juni
Haga kyrkje
søndag 9 juni
Nordviksætra

Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no: