Samnanger Sokn
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

Nyheter

Påmelding til gudstenester

Grunna få plassar på gudstenestene, ynskjer me påmelding og registrering på førehand. Slik melder du deg på:

Trykk på den gudstenesta du vil ta del på, under kalender til høgre på heimesida. Under infoen er det ein blå knapp med påmelding. Fyller du ut e-postadresse, får du ei lekkje til påmeldinga, slik at du kan gå inn og endra ho (leggja til fleire t.d.) eller sletta ho om det skulle vera nødvendig.
Du må skriva mobilnr. til ein person for å få meldt han på. Born kan bruka foreldra sitt nummer. E-postadresse treng ikkje førast på til alle, berre til kontakten for bestillinga.

Ombestemmer du deg, er det fint om du melder deg av, slik at andre kan få plassen.
Når gudstenesta er fullteikna, går det ikkje an å melda seg på før nokon har meldt seg av.

Det går også an å ringja kyrkjekontoret for påmelding 56 58 90 10, helst i kontortida, men det vil også vera nokon "på vakt" laurdag mellom 9.00 og 17.00 og søndag mellom 9.00 og 10.30. 

Det går sjølvsagt an å møta opp til arrangement utan å melda seg på, men du kan ikkje vera sikker på å koma inn. Om det lovlege talet ikkje er nådd når gudstenesta startar, fyller me opp me u-påmelde. Om den påmelde ikkje er komen når arrangementet startar, vil plassen gå til andre.

Påmeldingslistene vert sletta automatisk etter 14. dagar.

Publisert av: Britt Haukanes den 06-02-2021
KALENDER

søndag 21 april
Ådland kyrkje
tirsdag 23 april
Haga kyrkje
søndag 28 april
Haga kyrkje
lørdag 4 mai
Ådland kyrkje
søndag 5 mai
Ådland kyrkje
søndag 12 mai
Ådland kyrkje
19:00 Lovsong
Haga kyrkje
søndag 19 mai
Ådland kyrkje
onsdag 29 mai
Ådland kyrkje
søndag 2 juni
Haga kyrkje

Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no: