Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under
Les tilgjengelighetserklæringenNyheter
Konsert 23.september kl.19.00 i Haga kyrkje AVLYST
Konserten med Ingebjørg Andrea Ådnanes, Henriette Braavig og Simon Madsen 23. sept, er diverre avlyst.
23.09.21 kjem Ingebjørg Andrea Ådnanes (blant anna kjent frå The Voice 2021), saman med Henriette Braarvig og pianisten Simon Madsen til Haga Kyrkje for å ha konsert. Konserten deira vil vera innom eitt stort spekter; alt frå nytt sjølvskrive materiale, til nye og eldre perler henta frå både populærmusikken og frå den kristne songtradisjonen. Desse vil bli ikledd nye, spanande arrangement. Dette er ei oppleving du ikkje må gå glipp av.
Ingebjørg Andrea Ådnanes er født og oppvaksen på Karmøy, og er i dag gift og busett på Bømlo. Ingebjørg har ei enorm stemme, ein heilt spesiell formidlingsevne og ei sterk personleg historie å fortelja. I tillegg har ho eit vesen som publikum fort vert glad i. På konsertane hennar er avstanden frå våte augnekrokar til latter relativ kort. Ho har tidlegare samarbeida med Hanne Krogh, var med i Team Hanne i “Det store korslaget”, som gjekk på TV2 i 2009. Ho kom til semifinalen i Idol 2013, og har jobba med VAMP, Hellbillies, Voice Of Joy, og mange fleire. For dei fleste er ho kanskje mest kjent frå “The Voice”, som gjekk på TV2 i vår.
Henriette Braarvig er født og oppvaksen på Karmøy. Henriette har sunge heile livet. Ho har ei stor formidlingsevne på scenen med ei stemme som bevegar publikum. Erfaringa hennar varierer frå konsertar med lokale artistar (Mads Pedersen, Unni Hilt og Hibbi Mannes) til turne i Frankrike og Spania med Jesus Revolution. Ho har og fleire gongar vore lovsongsleiar på ulike kristne festivalar rundt om i Noreg, og i 9 år var ho fast medlem i gospelkoret Voice Of Joy. I 2004 og 2005 var ho på turne med musikalen “The Battle of Europe”
Simon Madsen er ein musikar fødd og oppvaksen på Bømlo. Han byrja å spela piano allereie då han var 4 år gamal, og skreiv som 10 åring sin første klassiske komposisjon. Simon bevegar seg i dag innanfor eit vidt spekter av ulike musikk-sjangrar; og har eit spanande og leikent musikalsk uttrykk. Han spelar like gjerne klassisk kyrkjeorgel som jazzpiano og har dei siste åra spela for etablerte artistar som Solveig Leithaug, Solfrid Brekkå, Bjarte Leithaug, Eyvind Skeie og mange fleire. I tillegg har han erfaring som pianist/keyboardist i ulike gospelkor (Zenith, Kenanja, Decor). Han har dei siste to åra hatt fast samarbeid med Ingebjørg Andrea.
Artistane beklagar at denne konserten ikkje vert noko av.
Publisert av: Bente Dyrøy Bødker den 09-09-2021 |