Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under
Les tilgjengelighetserklæringenNyheter
Kyrkjetenarstilling
DNK - Samnanger sokn - 60% stilling som kyrkjetenar frå 1. oktober 2023.
Søknadsfrist 11. sept. 2023.
OM OSS
Samnanger er ein liten kommune mellom Bergen og Hardanger. Me har to kyrkjer, ei på Ådland frå 1851 og ei på Haga frå 1995. På Ådland har me gudstenester, bryllaup, gravferder og konsertar. På Haga har me også gudstenester, bryllaup og konsertar. I tillegg held mykje av kyrkjelydsarbeidet hus der: Barne- og ungdoms-arbeid, diakoni-arbeid, og samlingar av ulike slag. Der held også kyrkjekontora til. Kyrkjestaben elles er: Prest, kyrkjemusikar, kyrkjeverje, tre trusopplærings-medarbeidarar og sekretær. Dei fleste i deltidsstillingar.
Kyrkjetenaren vil få ansvar for reinhald og tilsyn med begge kyrkjene, men må ikkje vera til stades på alle tilstellingane. (Gravferder og ca. to gudstenester i månaden.)
ARBEIDSOPPGÅVER
- Syta for at kyrkjene og kyrkjegardsbygga er reine, ryddige og i stand.
- Leggja praktisk til rette for, og vera til stades på tilstellingar i kyrkjene.
- Føra tilsyn med bygningane og uteområda som høyrer til. (Ikkje sjølve gravplassen)
- Vaktmeistar-oppgåver.
Sjå nærare stillingsomtale HER.
KVALIFIKASJONAR
- Praktisk sans (Gjerne praksis som handverkar eller reinhaldar.)
- Teknisk sans (Lydanlegg, prosjektor, m.m.)
- Må vera medlem i DNK.
- Bør disponera bil.
PERSONLEGE EIGENSKAPAR
- Evne til sjølvstendig arbeid.
- Evne til å organisera og få ting gjort.
- Gode samarbeidsevner.
- Gode sosiale evner.
ME TILBYR
- Triveleg arbeidsmiljø.
- Varierte arbeidsoppgåver.
- God opplæring. Tilbod om «kyrkjetenar-skule»
- Løn etter avtale i kyrkjeleg sektor. (KA sitt tariffområde)
- Pensjonsordning i KLP
INFORMASJON
Søknadsfrist 11. sept. 2023
For spørsmål kontakt kyrkjeverje Berit H. Steensen på: 920 100 86.
Send søknad med CV og minst to referansar til:
post@samnangersokn.no
Publisert av: Bente Dyrøy Bødker den 23-08-2023 |