Samnanger Sokn
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

Nyheter

Sekretærstilling

DNK - Samnanger Sokn- Vikariat i 50% stilling som kyrkjelydssekretær frå 1.mai 2023 til 1.mai 2024. Søknadsfrist 20.februar.

OM OSS
Samnanger er ein liten kommune mellom Bergen og Hardanger med om lag 2500 innbyggjarar. Me har eitt kyrkjesokn med to kyrkjer og ein aktiv kyrkjelyd. Dei tilsette har kontorfellesskap i Haga kyrkje, ei ny kyrkje med tenlege lokale til ulike samlingar. Mykje av kyrkjelydsarbeidet går føre seg her.
Kyrkjestaben elles er: Prest, kyrkjemusikar, kyrkjeverje, tre trusopplærings-medarbeidarar og kyrkjetenar. Dei fleste i deltidsstillingar.

ARBEIDSOPPGÅVER:

  • Kontakt med publikum  - Telefon, post, meldingar
  • Kunngjeringar og informasjon – Lysingar, kyrkjeblad, heimesider, program, plakatar
  • Kontor-rutiner – Journalføring, arkivering, listeføring, rapportar, attestar
  • Innkjøp - Bestillingar
  • Økonomi-oppgåver - Gåveregistrering, bilagsføring
  • PlanarbeidTenestelister, kyrkjelydskalender
  • Personaloppgåver – Vikarar og lønsattestering

Sjå nærare stillingsomtale på link her: Stillingsomtale.

KVALIFIKASJONAR

  • Relevant utdanning/ praksis
  • Datakunnskap og språklege evner (Tenestemålet er nynorsk)
  • Medlemskap i DNK

PERSONLEGE EIGENSKAPAR

  • Evne til sjølvstendig arbeid.
  • Evne til å organisera og få ting gjort.
  • Gode samarbeidsevner.

ME TILBYR

  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Nødvendig opplæring og hjelp
  • Løn etter avtale i kyrkjeleg sektor for kontormedarbeidar/ sekretær lønsgruppe 1 el. 2. alt etter kvalifikasjonar og ansiennitet.
  • Pensjonsordning i KLP

OM SØKNADEN

Søknadsfrist 20. februar 2023
Send søknad med CV og minst to referansar til: post@samnanger.kyrkja.no

For spørsmål, kontakt kyrkjeverje Britt Haukanes på tlf. 40 04 92 41

Publisert av: Bente Dyrøy Bødker den 30-01-2023
KALENDER

søndag 21 april
Ådland kyrkje
tirsdag 23 april
Haga kyrkje
søndag 28 april
Haga kyrkje
lørdag 4 mai
Ådland kyrkje
søndag 5 mai
Ådland kyrkje
søndag 12 mai
Ådland kyrkje
19:00 Lovsong
Haga kyrkje
søndag 19 mai
Ådland kyrkje
onsdag 29 mai
Ådland kyrkje
søndag 2 juni
Haga kyrkje

Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no: