Samnanger Sokn
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

Nyheter

Kyrkjemusikar-stilling

DNK - Samnanger sokn - 50% stilling som kyrkjemusikar frå 1. januar 2024.
Søknadsfrist 17.sept. 2023.

    OM OSS

    Samnanger er ein liten kommune mellom Bergen og Hardanger, ca. 45 min å køyra frå Bergen sentrum. Me har knapt 2500 innbyggjarar. Det er gode tilhøve for friluftsliv i bygda, både ved fjorden og på fjellet. Kommunen har barneskule, ungdomsskule, aktiv kulturskule og godt korpsmiljø.

    Me har to kyrkjer, ei på Ådland frå 1851 og ei på Haga frå 1995. På Ådland har me gudstenester, bryllaup, gravferder og konsertar. På Haga har me gudstenester, barne- og ungdoms-arbeid, diakoni-arbeid, bryllaup, konsertar og samlingar av ulike slag. Der held også kyrkjekontora til.

    Kyrkjestaben elles er: Prest, kyrkjetenar, kyrkjeverje, tre trusopplærings-medarbeidarar og sekretær. Dei fleste i deltidsstillingar. I tillegg har me mange uløna medarbeidarar.

    Instrument/ musikkutstyr:
    På Ådland har me eit Bruno Kristensen orgel med 17 stemmer, 2 manualar og pedal. I tillegg har me piano av merke Yamaha. Begge er gode instrument. 

    På Haga har me eit flygel av merke Yamaha  og eit lite elektronisk orgel med to manualar og pedal av merke Johannus, el. piano og synth. Det vert ofte nytta band/orkester i gudstenesta der. (Tangent, slagverk, gitarar og synt m.m. Me har to lovsongsteam som byter på å ta del her.) Det er godt lydanlegg i kyrkja: digital miksar med 32 kanalar og Nexo høgtalaranlegg.  


    HOVUDOPPGÅVER – ANSVAR

    • Ansvar for den musikalske verksemda i kyrkjene:  Planlegging og gjennomføring av gudstenester og kyrkjelege handlingar, tonefylgje til song, instrumentalmusikk, korarbeid og konsertar.
    • Leia lovsongsteam/ musikkgrupper.
    • Musikk ved institusjonsandaktar.
    • Musikkformidling, undervisning og rådgjeving.
      • Medansvar for å rekruttera, utrusta og rettleia frivillige medarbeidarar til kyrkjemusikalsk teneste.
      • Forvalta og levandegjera tradisjonell og ny kyrkjemusikk og arbeida for breidde og kvalitet i det kyrkjemusikalske arbeidet.
      •  

        Sjå nærare stillingsomtale HER.

        Kyrkjemusikaren har frihelg minst ein gong i månaden.


      ØNSKJELEGE KVALIFIKASJONAR

      • Høgare utdanning i musikk.
      • Dugleik på orgel og piano.
      • Kunna leia band/ musikkgrupper/ songgrupper/ kor.
      • Erfaring med kyrkjemusikalsk arbeid.
      • Medlemskap i DNK.

       

      PERSONLEGE EIGENSKAPAR

      • Kreativitet
      • Positivitet
      • Fleksibilitet
      • Evne til sjølvstendig arbeid og initiativ.
      • Evne til å planleggja, organisera og gjennomføra.
      • Gode samarbeidsevner og sosiale evner.

       

      ME TILBYR

      • Triveleg arbeidsmiljø.
      • Varierte arbeidsoppgåver.
      • Løn etter avtale i kyrkjeleg sektor. (KA sitt tariffområde)
      • Pensjonsordning i KLP.
      • Hjelp til å skaffa bustad.

       

      INFORMASJON

      Søknadsfrist 17. sept. 2023

      For spørsmål kontakt kyrkjeverja på: 920 100 86.  Send søknad med CV og minst to referansar til:
      post@samnanger.kyrkja.no

      Aktuelle søkjarar vil verta kalla inn til intervju og prøvespeling.

       

       

    Publisert av: Bente Dyrøy Bødker den 23-08-2023
    KALENDER

    søndag 1 oktober
    Haga kyrkje
    søndag 8 oktober
    Ådland kyrkje
    søndag 22 oktober
    Haga kyrkje
    onsdag 25 oktober
    Ådland kyrkje
    søndag 29 oktober
    Haga kyrkje
    søndag 5 november
    Ådland kyrkje
    onsdag 15 november
    Ådland kyrkje
    søndag 19 november
    Haga kyrkje
    søndag 26 november
    Ådland kyrkje
    søndag 3 desember
    18:00 Lysmesse
    Ådland kyrkje

    Den Norske Kyrkja

    Søk i kirken.no: