Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under
Les tilgjengelighetserklæringenNyheter
Kyrkjemusikar/ organist
Samnanger sokn søkjer kyrkjemusikar/organist i 50% fast stilling, til speling på gudstenester og kyrkjelege handlingar i Ådland og Haga kyrkje.
Kyrkjemusikaren har hovudansvar for den musikalske verksemda i kyrkjene. Kyrkjelyden ønsker at kyrkjemusikaren/organisten skal bidra til breidde og kvalitet i det kyrkjemusikalske arbeidet.
Søknadsfrist: 8.desember. Oppstart 1.januar 2025. Søk her: Kyrkjemusikar/Organist - arbeidsplassen.no
Kva vi ser etter
- Høgare utdanning i musikk.
- Dugleik på orgel og piano.
- Kunna leia band/ musikkgrupper/ songgrupper/ kor.
- Erfaring med kyrkjemusikalsk arbeid.
- Medlemskap i DNK.
Personlege eigenskapar
- Kreativitet
- Positivitet
- Fleksibilitet
- Evne til sjølvstendig arbeid og initiativ.
- Evne til å planleggja, organisera og gjennomføra.
- Gode samarbeidsevner og sosiale evner.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for den musikalske verksemda i kyrkjene: Planlegging og gjennomføring av gudstenester og kyrkjelege handlingar.
- Leia lovsongsteam/ musikkgrupper.
- Musikk ved institusjonsandaktar.
- Medansvar for å utrusta og rettleia frivillige medarbeidarar til kyrkjemusikalsk teneste.
- Forvalta og levandegjera tradisjonell og ny kyrkjemusikk og arbeida for breidde og kvalitet i det kyrkjemusikalske arbeidet.
- Kyrkjemusikaren har frihelg minst ein gong i månaden. Me legg vekt på fleksibilitet og mogelegheit for vikarar når organisten ynskjer fri.
Sjå nærare stillingsomtale HER.
Instrument/ musikkutstyr:På Ådland har me eit Bruno Kristensen orgel med 17 stemmer, 2 manualar og pedal. I tillegg har me piano av merke Yamaha. Begge er gode instrument.
På Haga har me eit flygel av merke Yamaha og eit lite elektronisk orgel med to manualar og pedal av merke Johannus, el. piano og synth. Det vert ofte nytta band/orkester i gudstenesta der. (Tangent, slagverk, gitarar og synt m.m. Me har to lovsongsteam som byter på å ta del her.) Det er godt lydanlegg i kyrkja: digital miksar med 32 kanalar og Nexo høgtalaranlegg.
Vi tilbyr
Triveleg arbeidsmiljø.
Varierte arbeidsoppgåver.
Løn etter avtale i kyrkjeleg sektor. (KA sitt tariffområde)
Pensjonsordning i KLP.
Stor grad av fleksibilitet.
Kontaktperson for stillingen
Berit H. Steensen
Kyrkjeverje
92010086
berit.h.steensen@samnangersokn.no
Om oss
Samnanger er ein liten kommune mellom Bergen og Hardanger, ca. 45 min å køyra frå Bergen sentrum. Vi har knapt 2500 innbyggjarar. Det er gode tilhøve for friluftsliv i bygda, både ved fjorden og på fjellet. Kommunen har barneskule, ungdomsskule, aktiv kulturskule og godt korpsmiljø.
Vi har to kyrkjer, ei på Ådland frå 1851 og ei på Haga frå 1995. På Ådland har vi gudstenester, bryllaup, gravferder og konsertar. På Haga har me gudstenester, barne- og ungdoms-arbeid, diakoni-arbeid, bryllaup, konsertar og samlingar av ulike slag. Der held også kyrkjekontora til.
Kyrkjestaben elles er: Prest, kyrkjetenar, kyrkjeverje, tre trusopplærings-medarbeidarar og sekretær. Dei fleste i deltidsstillingar. I tillegg har me mange uløna medarbeidarar.
Publisert av: Bente Dyrøy Bødker den 22-10-2024 |