menighet
Tilgjengelighetserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

Nyheter

ZamSam-prosjektet

Ver med og støtt Samnanger Faith Academy, ein skule for born i slummen i Lusaka, Zambia.

http://samnanger.kirkene.net/img/30_01_2019_Nyheiter/Zambia.jpg















Det heile byrja med eit brev, eller eit frimerke om du vil, som i 1999 fann vegen til Samnanger i Noreg, til dåverande ungdomsprest, Svein Høysæter. Brevet var sendt frå eit av dei verste fengsla i Zambia, Mukobeko Maximum Prison, Condemned Section i byen Kabwe, frå ein drapsdømd mann, Frazer Siansengo. Frazer var ein kveld ute på byen, og vart vitne til ein slåsskamp som diverre resulterte i at ein mann døydde. I Zambia på denne tida (og ofte fortsatt) førar dette til automatisk dødsdom, og Frazer vart satt i fengsel. Her vart han etter kvart medlem av ei menighet med cellekameratane sine. Til fengsla vart det blant anna sendt ulike brosjyrar, og blant desse var ei brosjyre/hefte for Alpha, eit slags kurs for vaksne innan kristendom. Bak på dette heftet var ei liste over alle Alpha-rådgivarar i heile verda. Frazer lukka auga og peika blindt på éit av namna og valde å senda brev for å fortelja historia si.
Du kan lesa meir om The SamZam Project her

Samnanger kyrkjelyd er med og støttar "Samnanger Faith Academy (SFA)", ein barneskule med ca. 200 elevar i slummen i Lusaka, Zambia.
Elevane som går her er mellom dei mest sårbare, og ville truleg ikkje fått skulegang utan SFA. Her blir dei nemleg ikkje kasta ut om dei ikkje kan betala skulepengar!

Pengane går uavkorta til drift av skulen: Husleige, løn, skulemateriell og inventar.


No er "The SamZam Project" som driv hjelpearbeidet for skulen, skilt ut som eiga foreining.

Me hadde vorte uendeleg glad om du ville bidrege til prosjektet. Det me treng aller mest, er faste givarar. Ynskjer du å bidra med kanskje 50, 100, 200 kroner i månaden? Me tar i mot alt med stor takksemd, og desse midlane går til å oppretthalda drifta av skulen. Dvs. løn til lærarane, skuleuniformar, måltidar og fleire andre ting.

Du kan gje di gåve her eller med:
Vipps: 700 544 
Kontonr: 3626.28.65031

Takk for di støtte!

Publisert av:  den 19-04-2021
KALENDER

søndag 21 juli
Ã…dland kyrkje
søndag 4 august
Haga kyrkje
søndag 18 august
Haga kyrkje
søndag 25 august
Ã…dland kyrkje
søndag 1 september
Haga kyrkje
søndag 22 september
Haga kyrkje
søndag 29 september
Ã…dland kyrkje
søndag 6 oktober
Haga kyrkje
søndag 20 oktober
Haga kyrkje
søndag 27 oktober
Haga kyrkje

Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no: