Den Norske Kyrkja
Samnanger Sokn
Meny

LINKAR
Kontaktinfo

DEN NORSKE KYRKJA
Samnanger kyrkjelyd
Hagabakkane 1
5650 TYSSE

Tlf: 56 58 90 10
E-post: post@samnanger.kyrkja.no  
Facebook:
Kyrkja i Samnanger.

https://samnanger.kyrkja.no/img/31_08_2015_Kyrkjer/Samnanger_kyrkje_02_09_2015.png








Kyrkjekontoret ligg i kyrkja på Haga og har til vanleg 
opningstid  man-fre. frå kl 10.00 - 14.00.
 

Open kyrkje og "håpsvandring" i påska

Gudstenestene i påska må diverre avlysast grunna strengare korona-restriksjonar. MEN påska er absolutt ikkje avlyst av den grunn!

Påskebodskapen om korleis Jesus elskar oss så stort ved at han var villig til å lida, dø og så vinna over døden ved å stå opp igjen, er alltid like viktig og aktuell! 

Sjølv om kyrkjebygga må stengja for gudstenester også denne påska, vil me etter oppmoding frå biskopen halda open kyrkje:

Skirtorsdag kl. 17.00.-19.00 i kyrkja på Haga. Påskevandring, lystenning og musikk.

Påskedag kl. 11.00 - 13.00 i kyrkja på Ådland. Lystenning og musikk.

Kyrkjemusikar Torgeir Kinne Solsvik vert med begge dagane.

Dette er stille samlingar. Sit gjerne ei stund og finn ro.

Koronatiltak og restriksjonar: 
Alle må skriva seg i frammøtelister.
Spriting ved inngang og utgang.
Nattverden: både brød og vin er sett fram i eingongsbeger som de må forsyna dykk av sjølv.
2 m avstand til andre. Maks ti til stades i kyrkjerommet om gongen utanom tilsette.
Brukte sitjeplassar vert markerte.
Inngang i hovuddøra, utgang gjennom sidedører.

VIA LUCIS - LYSVEGEN
 
Det vil også vera "håpsvandring" utanfor kyrkja på Ådland påskeaftan og påskedagane. Bilete og bibeltekstar som skildrar Jesu oppstode og ord til venene sine og til oss.  

I tillegg til dette, vil me også på biskopen si oppmoding, leggja ut dei gudstenestene me tok opp i fjor påske. Palmesøndag, langfredag og påskedag. Desse kjem til å verta lagt ut her på heimesida og på kyrkja i Samnanger si facebook-side.

Sjå gjerne også tips på "Kva gjer me når me ikkje kan samlast?".
 

Av: Bente Dyrøy Bødker   Publisert: 25.03.2021
Sjå tidlegare utgåver »
KALENDER

søndag 2 mai
Ådland kyrkje
søndag 9 mai
Haga kyrkje
torsdag 13 mai
17:00 Andakt
Tysse bedehus
søndag 16 mai
Haga kyrkje
mandag 17 mai
17:00 Andakt
Sætervika
søndag 23 mai
Ådland kyrkje
søndag 6 juni
Nordviksætra
søndag 13 juni
Haga kyrkje
søndag 27 juni
Ådland kyrkje
søndag 11 juli
Haga kyrkje

Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no:

  
Linkar