Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under
Les tilgjengelighetserklæringenNyheter
Førstehjelp ved sorg
Det er tungt å vere åleine i sorga. Derfor har kyrkja samla tankar og konkrete tips som gjer det litt lettare for oss å vere til stades for medmenneske i sorg.
Sorg er smertefullt, men sorga kan bli lettare å halde ut når ho blir delt. Kyrkja har lang erfaring med å møte og støtte sørgjande. Tipsa her er meinte som ei hjelp i den første tida, når nokon har mista ein dei er glad i.
All sorg er unik. Det finst ingen instruksjonar som alltid er rette, det er ingen absolutte sanningar. Kanskje er det òg ei av årsakene til at så mange kjenner seg usikre når dei skal møte andre i sorg. Med desse tipsa håper Den norske kyrkja å kunne medverke til at fleire kjenner seg litt tryggare og betre førebudde, slik at ingen rundt oss må vere einsame i sorga si.
Trykk på denne linken: www.kirken.no/sorg for å lesa meir.
Publisert av: Bente Dyrøy Bødker den 22-10-2021 |