Samnanger Sokn
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

Nyheter

Kva gjer me når me ikkje kan samlast?

Mange saknar fellesskapet sitt, og kjenner seg engstelege. Kva kan me gjera?

Når mange må halda seg inne, utan det fellesskapet der dei vanlegvis finn styrke når det er vanskelege tider. - Kva gjer me då? 

https://samnanger.kyrkja.no/img/30_01_2019_Nyheiter/Gt_hjarte_1.png
• Bruk telefonen! Ring vener og familiemedlemer. Kanskje du kjenner nokon som treng ein god prat og litt oppmuntring? Eldre personar som ikkje kan besøkjast, kan ringjast til. 

• Har du det vanskeleg og ynskjer å snakka med nokon? Sjølv om presten ikkje sit på kontoret så ofte no, er han på jobb og kan ringjast til. Bruk mobilnr. til David Vogel 98 84 28 82. Du kan uansett tid på døgeret nå kirkens SOS på tlf. 22 40 00 40 eller du kan prata på nett: https://www.kirkens-sos.no 

• Finn deg eit digitalt fellesskap. Sjå på framsida til https://kyrkja.no/bjorgvin   Rull nedover til "Digitale fellesskap" Her er tips til når du kan finna program på fjernsyn eller radio. Det er også linkar til mange gudstenester og andaktar som ligg ute på nett, til "ord for natten" og ein "digital bønevegg".   
.
• Les sokneprest David Vogel sine ord for dagen under "innlegg" på https://www.facebook.com/Kyrkja-i-Samnanger-1804427656459460/ 

• Når du ikkje kan nyta levande salmesong i kyrkjene våre, kan du finna tips til kvar du finn slik song under "digitale fellesskap" på nettsidene til den norske kyrkja. https://kirken.no/nb-NO/om-kirken/digitale%20fellesskap/fellesskap%20gjennom%20musikk/  Td. ligg heile "salmeboka minutt for minutt" framleis ute på Nrk.no. Søkjer du på "Norske salmer" på Spotify, kjem det opp over 1000 salmar/ kristne songar!

Hald motet oppe og ta omsyn!

Publisert av: Britt Haukanes den 26-03-2021
KALENDER

søndag 28 april
Haga kyrkje
lørdag 4 mai
Ådland kyrkje
søndag 5 mai
Ådland kyrkje
søndag 12 mai
Ådland kyrkje
19:00 Lovsong
Haga kyrkje
søndag 19 mai
Ådland kyrkje
onsdag 29 mai
Ådland kyrkje
søndag 2 juni
Haga kyrkje
søndag 9 juni
Nordviksætra
søndag 16 juni
19:00 Lovsong
Haga kyrkje

Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no: