Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under
Les tilgjengelighetserklæringenNyheter
No er det lov å feira gudsteneste att!
Det er lov å samlast att, sjølvsagt med strenge koronatiltak.
Me gler oss over å kunna opna kyrkjedørane att. Mange av oss saknar å gå til gudsteneste og mange dåpsborn har venta lenge på å kunna samla i alle fall deler av familien til ein liten dåpsfest!
Koronatiltak for å hindra smittespreiing:
Alle som tek del må vera friske.
Alle må sprita hender når dei går inn og når dei går ut att.
Alle sit på faste, tilviste plassar.
Me held to meter avstand til dei som ikkje er frå same husstand,
Alle deltakarar må registrerast med namn og telefonnr.
Ekstra tiltak også ved dåp og nattverd.
Inga mingling inne, prata etterpå er best ute.. -med ein meter avstand.
Ta omsyn! Vel møtt!
Publisert av: Britt Haukanes den 17-04-2021 |