Den Norske Kyrkja
Samnanger Sokn
Meny

LINKAR
Kyrkjelydsarbeid

Kontaktinfo

DEN NORSKE KYRKJA
Samnanger kyrkjelyd
Hagabakkane 1
5650 TYSSE

Tlf: 56 58 90 10
E-post: post@samnanger.kyrkja.no  
Facebook:
Kyrkja i Samnanger.

https://samnanger.kyrkja.no/img/31_08_2015_Kyrkjer/Samnanger_kyrkje_02_09_2015.png








Kyrkjekontoret ligg i kyrkja på Haga og har til vanleg 
opningstid  man-fre. frå kl 10.00 - 14.00.
 

Forbønsteneste

Treng du nokon som står med deg? Alle opplever me frå tid til annan påkjenningar som det kunne vera godt å få dela med andre. Det er ikkje så greitt å gå åleine med ting som er vanskelege. Mange må stå i tøffe situasjonar over lengre tid, og endå fleire har slektningar og grannar dei har omsut for.

Til bøneringen kan me trygt venda oss med ting som ligg oss på hjarta. Alle som er med i denne bøneringen, har skrive under på teieplikt. Bøneemna kan gå på sjukdom og uro for korleis ting kjem til å gå. Det kan vera sorg og sakn. Det kan gjelda einsemd og opplevingar av ulike slag som har vorte vanskelege. Mange av oss har sjølv kjent trøyst i orda "eg bed for deg", når kvardagen var tung å takla. Ingenting er for smått, og ingenting for stort til å ta det med i bøn. Du veit sjølv kva som er tungt og vanskeleg for deg.
 
Du kan ta kontakt med prest David Vogel (98 84 28 82) direkte, eller gå via ein som kan formidla det vidare til oss. Om du ønskjer det, kan bønebehovet gjerast anonymt. Om det gjeld andre personar som skal takast med i bøn, er det best om du klarerer det med vedkomande først. 

Bøneringen vil ta med dei innmelde bøneemna den tida det er naturleg eller vert avtalt. Du er velkomen til fornya kontakt om vedkomande emne eller gje tilbakemelding, og naturlegvis til å koma med nye.
 
I tillegg til desse personlege bøneemna ber bøneringen fast for verdssituasjonen med alt den rommar, for forfølgde kristne, for vårt eige land og for vår eiga bygd.
 
Å be for kvarandre er å bry seg. Ein gong er det eg som treng det, ein annan gong du. Å be er å tena kvarandre.

Sjå tidlegare utgåver »
KALENDER

søndag 2 mai
Ådland kyrkje
søndag 9 mai
Haga kyrkje
torsdag 13 mai
17:00 Andakt
Tysse bedehus
søndag 16 mai
Haga kyrkje
mandag 17 mai
17:00 Andakt
Sætervika
søndag 23 mai
Ådland kyrkje
søndag 6 juni
Nordviksætra
søndag 13 juni
Haga kyrkje
søndag 27 juni
Ådland kyrkje
søndag 11 juli
Haga kyrkje

Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no:

  
Linkar