Samnanger Sokn

Konfirmasjon


Kven kan verta konfirmert?

Det kan alle som går i 9. klasse, og som ønskjer å ta del i konfirmantførebuinga etter beste evne.  For å verta konfirmert må du dessutan vera døypt.  Er du ikkje det, vert det arrangert dåp før konfirmasjonen.  Det vanlege er å ha ei eiga tilstelling der berre fadrar og familie/ inviterte gjester er til stades. Men det er også høve til å ha dåp i konfirmasjonsgudstenesta om konfirmanten ynskjer det. Det er som regel ein eller to av konfirmantane som vert døypte kvart år til konfirmasjonsdagen. 

Informasjon om konfirmanttida finn du ved å trykke HER

I konfirmasjonstida på førehand, lærer konfirmantane om kristen tru og om å leva. Tema som venskap, etikk/ moral, alkohol, mediasamfunnet, sex og mykje anna vert også tatt opp i konfirmanttida. Konfirmantane tek del i konfirmasjonsførebuing frå august/ september til mai.  Denne går føre seg 1 tysdagskveld i månaden i kyrkja på Haga.  Her er song og musikk, temasamlingar med undervisning og samtale, og ulike aktivitetar.  Etter samlingane er ungdomscafeen open.

Ein gong i månaden er det også "Kro" i kyrkja. Desse er obligatoriske for konfirmantane, men også opne for alle andre som vil vera med. Her er det lovsong, bønevandring, andakt og cafe etterpå.

Det er to leirar i løpet av konfirmanttida, til Wallemtunet på Kvamskogen og på Gullbotn. Det er også tilbod om andre frivillige turar saman med eldre ungdomar i kyrkjelyden seinare i konfirmanttida for dei som vil det. Konfirmasjonsførebuinga følgjer skuleåret.

Gudstenester er også ein del av konfirmantførebuinga, og i løpet av året skal konfirmantane ta del i om lag 8 ulike gudstenester.  Nokre er dei med på å forma sjølve.  Samtalegudstenesta er den siste av dei, og her får dei sjølve fortelja noko frå tida som konfirmant.  

I Samnanger har me tradisjon for å ha konfirmasjon 1. sundagen i mai.  (Unntak:  Når denne sundagen fell på 1. mai, er det konfirmasjon 8. mai.)  Det er to gudstenester på konfirmasjonsdagen, klokka ti og klokka tolv.  Mellom gudstenestene vert det teke bilete av heile konfirmantkullet saman.

Du melder deg på via: https://minkirkeside.no/Samnanger/
Dette skjemaet blir sendt direkte til sokneprest David Vogel.

Tiktok har nokre konfirmantar lagt ut om korleis dei opplevde konfirmanttida. Dette kan du sjå ved å trykke på linken her: https://www.tiktok.com/tag/konfirmantene. Sjå også denne fine videoen på YouTube: KONFIRMANT.

I 2023 vert konfirmasjonen 7.mai kl. 10.00 og 12.00 i Ådland kyrkje.


På konfirmasjonsdagen ber me for kvar einskild konfirmant i kyrkja.

KALENDER

lørdag 4 mai
Ådland kyrkje
søndag 5 mai
Ådland kyrkje
søndag 12 mai
Ådland kyrkje
19:00 Lovsong
Haga kyrkje
søndag 19 mai
Ådland kyrkje
onsdag 29 mai
Ådland kyrkje
søndag 2 juni
Haga kyrkje
søndag 9 juni
Nordviksætra
søndag 16 juni
19:00 Lovsong
Haga kyrkje
søndag 23 juni
Haga kyrkje

Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no: